Midt på garden Flåm stod det fram til 1834 17 bautasteinar i ein ring - 14 meter i diameter.
Omlag tre kilometer sør for garden Styvi ved Nærøyfjorden, på ein stad som heiter Holmo, ligg ei av dei største gravrøysene i Aurland kommune.
Frå midt på 900-talet rådde den mektige Aurlands-ætta etter hersen Brynjulf Bjørnsson i store deler av Indre Sogn.
Aurdal er det gamle namnet på det som no er Prestegarden. Fem store gravhaugar vitnar om at garden har vore sete for storfolk heilt tilbake til førhistorisk tid i bronse- og jernalder.
Medlemmer av adelsætta Soop heldt til i Undredal i seinmellomalderen. Dette var ei lågadeleg ætt med greiner både i Sverige og Noreg.
Kong Sverre gjorde fleire reiser aust-vest gjennom Sogn. I 1177 kom kongen og mennene hans ille ut i fjellet ovanfor Flåm.
Aurlandsvangen var eksersisplass for Aurlandske Compagnie på 1600-1700-talet, og fleire offiserar budde fast i bygda.