ENKELTOMTALER:
Første mållaget i Nordfjord vart skipa i Kjølsdalen i 1869.
Stårheim indremisjon
Nordfjord Fællesforening, det som seinare vart heitande Nordfjord Indremisjon, vart skipa i 1879 med lærar Henrik Stokkenes, Nordfjordeid, som første formann.
Henden Ungdomslag
i Hennebygda vart skipa kring 1887 og bygde ungdomshus i 1947.
Klusianarane
var ei lita, religiøs sekt som var aktiv på Nordfjordeid på slutten av 1800-talet. Ola O. Egge frå Skårhaug var leiaren for sekta som ein ikkje kjenner opphavet til.
Hjelle Ungdomslag
vart skipa i 1889 som såkalla "leselag". I 1894 gjekk laget over til å verte "samtalelag" (med foredrag og diskusjonar om ulike samfunnsemne). Ei tid dreiv laget også eit songkor. Laget låg nokre år nede, man vart starta på nytt i 1906 av Olav T. Leivdal. I 1914 bygde laget ungdomshus saman med Hjelle Skyttarlag. Huset vart utvida i 1932.
Eid Ungdomslag
vart skipa rundt 1890 etter opptak frå m.a.
Lorentz Nybø og
Haakon Aasvejen. Laget bygde i 1927 det store ungdomshuset "Valhall" på Nordfjordeid. I 1934 arrrangerte laget ei stor varemesse, og i 1939 var det vertskap for landsstemna til Noregs Ungdomslag. Laget har gjennom tidene hatt eigne skodespel- og musikkgrupper.
Stårheim Ungdomslag
vart skipa kring 1890 og bygde ungdomshuset "Fram" i 1936. Huset vart påbygd kring 1980, og mykje modernisert i 2002.
Losje Morgendæmring
Fråhaldslag skipa på Nordfjordeid i 1892, og fekk frå starten 25 medlemer. I 1896 skipa laget barnelosjen Foreldreglæden med 64 medlemer. Laget bygde "Losjehalla" på garden Myklebust i 1898. Dette var det viktigaste forsamlingslokalet - også til idrettsøvingar - på Nordfjordeid fram til ungdomshuset "Valhall" vart bygt i 1927.
Kjøllsdals Ungdomslag
vart skipa i 1893 av presten og organisasjonsmannen
Reiel Nybø som dette året var framhaldsskulelærar i Kjølsdalen. Laget dreiv dei første åra m.a. med stor skogplanting i såkalla "fredsskogfelt". Ungdomslaget låg nede i fleire år før det vart organisert på nytt i 1911.
Haugen Ungdomslag
vart skipa i 1893, og bygde ungdomshuset "Vårtun" i 1929 saman med skyttarlaget og jordbrukslaget i bygda. I 1915 samla laget inn pengar til våpen og utstyr for Nordfjord Bataljon, og i 1919 til hjelp for naudlidande i Austerrike.
Hundeide Ungdomslag
vart skipa i 1901 av lærar Johan Mørkesæthaug. Laget heitte "Samhald" den første tida, og bygde i 1937 ungdomshuset "Skogheim".
Sudstranda Ungdomslag
i Holmøyane vart skipa i 1902 av Hans M.O. Holmøy, Jens Årøy og Per J. Storevik.
Hjelle ungdomslag
vart skipa i 1906. Ungdomslaget bygde i 1914 ungdomshus saman med Hjelle Skyttarlag.
Haugen indremisjonsforening
vart skipa i 1906. Bedehuset til laget har i nyare tid også vorte nytta til barnehage.
Kjølsdalen indremisjon
vart skipa i 1909. Laget bygde bedehuset "Betania" i 1914. Huset vart utvida i 1964 og i 1993.
Eid Musikklag
vart skipa i 1913. Musikklaget hadde tradisjon med ein årleg vårkonsert i ungdomshuset Valhall. Musikklaget framførte også skodespel på desse tilstellingane. Alf Andersen var dirigent for musikklaget i 25 år.
Kjølsdalen bedehus
Kjølsdalen fekk bedehus i 1914, og utvida i 1964 og i 1993.
Heggjabygda ungdomslag
vart skipa i 1915.
Hjelmelandsdalen Ungdomslag
vart skipa i 1918, og bygde ungdomshus i 1920.
Nesbygda Ungdomslag
for grendene kring vestenden av Hornindalsvatnet vart skipa i 1919. Laget eigde dei første åra hus saman med skyttarlaget. Dette huset vart mykje utvida i 1938.
Rotvin Ungdomslag
vart skipa i 1920, og dekte grendene på sørsida av Eidselva. I 1934 kjøpte laget det gamle skulehuset på Nordfjordeid og bygde det opp att som ungdomshuset "Gimle".
vart skipa i 1923, og fekk 75 medlemmer det første året.
Kjølsdalen Musikklag
vart skipa i 1926. Korpset har kring 35 vaksne medlemmer frå Kjølsdalen og frå andre Nordfjord-bygder som Stårheim, Haugen, Nordfjordeid, Måløy, Hornindal og Sandane.
Eid Orkester
vart skipa i 1927 av gymnaslærar Ørnulf Kobberstad. Frå før var det eit blandakor og ein strykekvartett på staden, og frå dette miljøet bygde Kobberstad saman med bakar Wilmann Alsaker opp eit strykeorkester med 12 musikarar. Då orkesterert runda 30 år, heldt det konsert med 31 musikarar. Ørnulf Kobberstad var dirigent fram til 1954, då bakar Alf Andersen overtok. (sjå bilete øvst).
Hjelmelandsdalen misjonsforening
vart skipa i 1931.
Nordfjordeid Husmorlag vart skipa i 1937 av Jenny Osnes. Laget starta kino i 1939 for m.a. å finansiere bygging av vassverk for tettstaden.
Remmedalen misjonsforening
vart skipa i 1938.
Nordfjordeid Konsertslag
vart skipa i 1955 og stod som arrangør av konsertar med klassisk musikk med kjende, norske kunstnarar. Konsertane vart haldne i ungdomshuset Valhall.
Freidig 4H
på Stårheim vart skipa i 1956 av Johan O. Orheim.
Heggjabygda Bondekvinnelag
vart skipa i 1957. Seinare har det endra namn til Heggjabygda bygdekvinnelag.
Lote indremisjonsforening
vart skipa i 1959.
Eid Skulemusikkorps
vart skipa i 1961 med 36 medlemmer frå starten. Korpset vart bygd opp på restane etter Eids Gutemusikklag som var lagt ned i 1960.
Stårheim skulemusikk
vart skipa i 1967 og fekk drilltropp i 1977. Stårheim skulemusikk avløyste Stårheim Hornmusikk som vart skipa midt på 1950-talet. Frå 1999 til 2006 har Stårheim Skulemusikk samarbeidd med Haugen skulemusikk i nabobygda om drift og øvingar under nemninga Stårheim og Haugen skulemusikk. I 2006 fekk Haugen eige korps att.
Haugen skulemusikk
– sjå Stårheim skulemusikk
Hjelle skulemusikk
vart skipa i 1976.
Grunnlagt 1989 av Jan Kjetil Smørdal frå Hjelmelandsdalen.
Galleri Leikvin
- sjå:
Skrivargarden Leikvin og:
Kunstnarparet Rotevatn og Jørstad.
|
Kulturhuset Gamlebanken. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Kulturhuset Gamlebanken
Gamlebanken galleri og kulturhus held til i den gamle bankbygningen til tidlegare
Nordfjord Sparebank ved Eidsgata. Huset har sidan 1997 vore nytta til kunstutstilingar og mindre konsertar. Ved huset er det reist minnestøtte for biletkunstnaren
Eilert Mehl.
Stårheim Bygdelag
vart skipa i 1997. Bygdelaget er eit fellesorgan for ulike lag i bygda, og har m.a. arbeidd for sentrumsplanar for Stårheimsvik og andre arealplanar for bygda.
Starta i 1998 etter initiativ frå kunstnarparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. På oppsetjingane deltek 150 dugnadsarbeidarar på og bak scena.
på Nordfjordeid vart starta i 2002 som ei elevverksemd i regi av Eid vidaregåande skule.
Visepopgruppa Fabel er den musikkgruppa frå Sogn og Fjordane som har markert seg sterkast nasjonalt ved sida av årdalsgruppa Lava.