SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Leirdøla-utbygginga

Koplingsanlegget ved Leirdøla kraftverk. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Koplingsanlegget ved Leirdøla kraftverk. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
Leirdøla-vassdraget er eit sidevassdrag til Jostedalselvi, og ligg på vestsida av hovuddalføret. Det eigna seg såleis godt for ei separat utbygging, og detaljerte planar vart lagde fram i 1971.

Publisert 15.10.2003 10:43. Oppdatert 16.12.2003 10:03.
Statkraft fekk konsesjon i 1974 og starta utbygginga same året. Leirdøla-verket vart starta i 1978, og har ein produksjon på 465 GWh. Kraftreservane for Leirdøla-verket ligg i det store Tunsbergsdalsvatnet som kan regulerast 40 meter.

Fylket vart medeigar

For første gong i krafthistoria i Sogn og Fjordane nytta fylkeskommunen seg av retten til medeigarskap i Leirdøla kraftverk. Det skjedde formelt ved at fylket sitt eige kraftselskap SFE - no Sogn og Fjordane Energi AS - fekk 35 prosent av aksjane i Leirdøla.

Fylkeskommunen kom så heldig ut av eigaravtalen om Leirdøla at den fekk apetitt på meir. Men då dei prøvde seg noko seinare på å krevje medeigarskap i dei planlagde kraftverka i Jostedalen og Stryn, gjekk det verre. Her sette Statkraft så harde vilkår for fylkeskommunalt medeigarskap at fylket ikkje torde vere med på samarbeidet, og trekte seg ut.

Arbeidsplassar i byte for kraft

I samband med Leirdøla-utbygginga stilte kraftkommunen Luster nokre krav som var nye i nasjonal samanheng. Kommunen nekta i 1971 å tilrå konsesjon før ein hadde eit tydeleg svar på kva krafta skulle nyttast til og kva slags industri ein fekk i byte:

"Kommunestyret kan ikkje roleg sjå på at det eine store vassdraget etter det andre vert bygt ut og krafta ført ut av kommunen. Ein må difor krevje å få ein samla plan for kva våre styresmakter har tenkt å nytte våre vassdrag til. Kommunestyret meiner at den eller dei verksemder som får kraft frå vassdraga som ligg i kommunen, må verte pålagde å byggje opp ei eller fleire verksemder som kan gje eit høvande tal arbeidsplassar innan Luster kommune som står i forhold til dei kraftressursar som er i kommunen."

- Dette var altså første gong i norsk krafthistorie at ein kommune sette fram så klåre krav om arbeidsplassar i byte for kraftutbygging. Seinare forsterka eit nyvald Luster kommunestyre kravet:

Kraftverket ligg inne i fjellet. Utanfor er koplingsanlegget og driftsbygget. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)
"Ein finn det urimeleg at krafta skal verte ført til andre distrikt utan at kommunen vil få noko styrking av næringsgrunnlaget sitt i form av industrireising med nye og varige arbeidsplassar. Luster kommune krev difor at sentralstyresmaktene medverkar til etablering av nye og varige arbeidsplassar i kommunen i samband med kraftutbygging. For Luster kommune er spørsmålet om nye og varige arbeidsplassar av slik tydnad at ein må krevje dette avklåra før konsesjonsvilkår kan drøftast."


Hovudside:
· Jostedals-utbygginga


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no