Rovdyrplaga var stor: I 1733 vart det innført skotpremie på dei store rovdyra, og mellom 1733 og 1752 vart det t.d. skote 94 bjørnar i Luster.
I Veitastrond var det nærmast ein bygdetradisjon å vere bjørneskyttar, og veitastrendingar vart tilkalla til andre bygder for å få has på skade-bjørn. Også Hermund Ivarsson Sterri (1707-1784) frå Hafslo var ein vide kjend bjørneskyttar på 1700-talet. Det same var også Torkild Andersson Mørkri, som på eitt år i 1750 skaut tre bjørnar.
Også Anders Fjøsne i Luster var ein kjend jeger på 1700-talet. Han skaut m.a. to bjørnar og fanga tre gauper på eitt år.
|
Ulv. (Arkivfoto: NRK) |
På 1700-talet var det mykje ulv i Luster-fjella. Ulven gjorde særleg mykje skade i Jostedalen i 1742. Mellom 1733 og 1743 vart det skote 12 ulvar i Luster - den siste av Melchior Schelderup frå Røneid.
I 1863 skaut Nils Hermundson Hilleren ein bjørn i Veistastrond.
I 1910 var ein nærsøken slagbjørn jaga bort av ei budeie på Ornes-stølen. Det vart sett i gang jakt på bjørnen, som vart skoten av Nils Volden.
Slagbjørnen i Leirdalen
|
Brunbjørn. (Arkivfoto © Arild Nybø) |
Siste bjørnen i Luster vart skoten i Leirdalen i 1956 av Sverre Leirdal.
Det var eit jaktlag på 11 menn frå Leirdalen og Jostedalen som spora bamsen som hadde gjort stor skade på bufe både i Leirdalen og Veitastrond. Berre i Leirdalen hadde den teke livet av kring 50 sauer.
Jaktlaget kunne kassere inn fleire tusen kroner i skotpremie på slagbjørnen som i dagane etter vart køyrt rundt i Sogne-bygdene og vist fram for publikum.
Bjørnen vart utstoppa og stilt ut i kraftstasjonen i Fortun.
Ferske ulveobservasjonar
|
Ulven i 2001 var også innom på Eggum. (Foto © Jens Tore Eggum) |
I 2001 gjorde ein streifande hannulv mykje skade i saueflokkane i Luster før den trekte vidare til Leikanger-fjella. Her vart det organisert jakt på ulven, men den streifa vidare austover og vart borte. Sjå:
Moderne ulvejakt i Leikanger-fjella.
Dagfinn Berg, busett på Indre Hafslo, skaut i 1950 den vidgjetne "Naustdalsulven" - sjå:
Den utrulege Naustdals-ulven.
Kjempehjortane frå Luster
Nokre av dei største hjortane som er skotne i Noreg, er felte i Luster. Den største hjorten som ein kjenner til er felt i Noreg, vart skoten i Mørkridsdalen i 1989 av Anders Johnsen frå Skjolden. Kronhjorten hadde ei slaktevekt på 202,5 kilo. I september 1996 skaut Hans Bringe ein kronhjort i Dalsdalen som vog 194,5 kilo.
Sjølv om både Mørkridselvi og Fortunselvi er gode lakseelvar, har dei ikkje hatt det eksklusive "lordefisket" andre lakseelvar, som t. d. Lærdalselvi og Årøyelva har hatt.