|
Ludvig Holberg skal ha vore huslærar på Flahamar. (Måleri av Alexander Roslin). |
På denne tida var visstnok diktaren Ludvig Holberg (1684-1754) ei kort tid huslærar på Flahamar. Sjå også:
Kjentfolk over Sognefjellet.
Krogh dreiv til 1715
Georg von Krogh vart sjef for Nordre Indresogneske Compagni (
Lysterske Compagni) i 1680. Han vart også ein flittig jordkjøpar, og Flahamar dreiv han til 1715, då han flytta til Bergen.
Ny offiser flyttar inn
I 1729 selde arvingane etter von Krogh garden til Peter Henrik Sommerschild, som også var kaptein ved Nordre Indresognske Compagni - også kalla
Lysterske Compagni - frå 1722 til kring 1740. Han var først gift med dotter til von Krogh og seinare med ei kvinne frå Munthe-slekta. Sommerschild hadde budd på Flahamar frå 1722. Han utvida jordeigedomane sine m.a. ved å kjøpe nabogarden Saude.
Selde til Anders Daae
I 1741 selde Sommerschild eigedomane sine i Luster til ein annan stor "jordsankar" i Sogn på den tida, prost
Anders Daae i Vik. Til denne prosten var det tette band til Munthe-slekta i Luster gjennom inngifte. Daae dreiv Flahamar med paktar.
Flahamar som sorenskrivargard
I 1758 kjøpte sorenskrivar Georg Fasting garden Flahamar av prost Daae og styrde garden med paktar. Fasting bygde ei mengd nye hus i tunet, men vinteren 1760 øydela eit snøskred stovehuset. I 1765 vart garden selt på auksjon til sokneprest Gert Daae i Luster. Han var son til prost Daae i Vik, og hadde sanka seg mykje jord elles i Luster.
Ikkje lenger embetsgard
I 1799 overlet enkja etter Gert, Catarina Daae, Flahamar til sonen, landmålar Hans Knagenhjelm Daae. Ektemaken Catarina Falch kom frå sorenskrivarfamilien på Amla - sjå:
Amla-gardane, og ho styrde Flahamar frå Hans døydde i 1821 til 1839, då sonen, korpslege Gerhard Daae overtok.
I 1845 vart Flahamar selt til kjøpmann I. C. Kjær i Stavanger og i 1853 til fehandlaren David Zakariassen Svabo frå Kroken. Dermed var garden ute av dei kjende preste- og militærslektene i indre Sogn.