I 1653 kjøpte Sogne-futen
Christopher Giertsen Flahamar av Lauritzøn, og flytta dit frå Sogndal. Her gifta han seg for andre gong med Bergitte (Bertha) Ludviksdotter Munthe (f. 1634). Etterkomarane deira både i Sogn og Sunnfjord kalla seg sidan Munthe. Bergitte var forøvrig enkje etter Nils Hjermann. Dei hadde sonen Peder Nilson Hjermann, f. i Bergen 1640 og oppvaksen på Flahamar Han vart ættefar til den kjende
Hjermann-slekta på Stødno i Lærdal.
Mange vart prestar
I ekteskapet med futen Giertsen fekk Bergitte Munthe i alt ni born. Fleire av sønene til futen Christoffer Giertsen Morgenstierne og kona Bergitte Munthe vart prestar som var flinke til å skaffe seg jordegods der dei kom. Ein av desse var
Ludvig Christophersøn Munthe i Vik.
Vi finn Munthe-ætta som rikfolk og store jordeigarar m.a. i Ytre og Indre Hafslo, i Kroken, i Årøy, og i Hellevik ved Dalsfjorden:
·
Munthe-garden i Årøy
·
Munthe-slekta frå Luster til Hellevik
·
Munthe-folket tek over i Kroken
Sikra seg apostelgodset
På 1660-talet gjorde Giertsen eit stort jordkjøp då han fekk hand om eigdomane som høyrde til "apostelgodset" i indre Sogn.
Kjøpte Jostedalen
Etter at futen Christoffer Giertsen var død, kjøpte enkja Bergitte Munthe heile Jostedalen frå lagmann og stiftsmannforvaltar Lillienskiold "til Ask og Askøy". Lillienskiold hadde fått hand om Jostedalen av kongen som ein del av eit gjeldsoppgjer. Hennar arvingar selde på 1770-talet Jostedals-eigedomane til brukarane.