Bygda Sørheim på austsida av Lustrafjorden er i dag mest kjend som heimbygda til "konserves-familien" Lerum, men var i mellomalderen sete for ei mektig adelsætt.
I 1239 vert
Guttorm frå Sørheim (Sudrheimum) nemnt som ein av mennene til hertug Skule i Trondheim, som på den tida var syslemann i Sogn.
I 1263 var Dag frå Sørheim med kong Håkon Håkonsson på ei ferd til Skottland, og Dag fekk då æra av å sigle med skipet til kongen.
Enkje frå høgadelen
Tidleg på 1300-talet høyrer ein igjen om Sørheim: Då er det ei enkje frå den norske høgadelen som bur på Sørheim. Visse skrifter kan tyde på at ho var dotter til riddaren Audun a Slinda (
Audun Slinda I) frå
Slinde-godset, medan andre kjelder dreg slektskapet til denne kvinna i anna lei. I 1313 og 1336 vert det nemnt at denne "fru Margrete" gjev gåver til kyrkjene i Ylmheim og Dale.
Innlemma i Kruckow-godset
Truleg så tidleg som på 1400-talet vert eigedomane på Sørheim ein del av godset til adelsætta Kruckow. Den mest kjende frå denne ætta er riksråd
Johan Kruckow, som truleg busette seg på Sørheim - for han skreiv seg i 1531 for "Johan Kruckow aff Søderem".
Skulle drepast
I 1529 måtte Johan Kruckow røme då han kom i strid med den mektige lensherren på Bergenhus, Vincent Lunge. Lunge sende 40 soldatar til Sogn for ta livet av Kruckow, men han rømde unna drapsmennene.
Kruckow utvida godset
På Sørheim fekk Kruckow organisert seg på nytt, og la derfrå grunnlaget for store eigedomar som sidan vart nemnde som "Det Kruckowske gods". Kruckow må ha budd på Sørheim i alle høve til 1536, for eit brev som han skreiv dette året er skrive på Sørheim. I tillegg til store eigedomar i Sogn og Finnmark, fekk Johan Kruckow også store eigedomar i Båhuslen og Ringerike som takk for at han hadde vore tru mot kong Fredrik I i kampen om den norske kongemakta.
Konge-stemor overtok
Frå Kruckow-ætta gjekk Sørheim-godset over til Elen Marsvin, som var stemora til kong Christian IV. Etter henne overtok stesonen Corfitz Ulfeldt, som fekk gjort Sørheim til adeleg setegard kring 1648. Men ingen av desse adelsfolka budde på garden, som saman med dei store eigedomane elles i Sogn var leigd ut til bønder.
I unåde
Kring 1660 fall Ulfeldt i unåde hjå kongen, og Sørheim-godset vart selt til rådmann i Bergen, Hans Jensson Ørbeck. I 1669 ser vi at han kjem i rettssak med ein annan stor jordeigar i Luster på den tida, futen
Christopher Giertsen på Flahamar.
Godset delt
Heller ikkje Ørbeck flytta til Sørheim, men ektemaken budde der ei tid. Då Ørbeck døydde i 1686, gjekk eigedomane i Luster over til panthavarar i dødsbuet. I 1692 vart Sørheim delt i to bruk og bygsla bort og seinare selt til brukarane.