Thomas Fearnley hadde budd i Stockholm, og med hans tilråding vitja dei kjende svenske biletkunstnarane Carl Johan Fahlcrantz (1774-1861) Kroken, og brørne August Anckarsvärd (1783-1874) og Michael Gustaf Anckarsvärd (1792-1878) vitja både Kroken og Balestrand i 1827 -
Kunstnarane og Balestrand.
Seinare kom også Fahlcrantz sin elev Gustav Wilhelm Palm (1810-1890) på studieferd til Kroken i 1833.
|
Fortundalen, kolorert steintrykk av dei svenske kunstnarane Carl Johan Fahlcrants og Michael Gustaf Anckarsvärd (ca. 1821). |
Frå Tyskland kom m.a. kunstnaren Christian Morgenstern (1805-1867) i 1827 saman med dei tyske kunstnarvenene J. Martens og J. Mohr. Han fekk seinare eleven sin, Louis Gurlitt (1812-1897) til å vitje Kroken.
Også biletkunstnarar frå både Polen og England stakk innom Kroken. Den mest kjende av desse var den polske Christian Breslauer (1802-1882), som vitja Kroken i 1839 saman med Andreas Achenbach - sjå:
Kunstnarane i Kroken. Breslauer tok mange oljeskisser under Sogneferda, og vert rekna som ein fornyar av polsk landskapskunst.
Ein annan framståande tysk kunstnar var Hermann Kaufmann (1808-1889) som etter oppmoding frå venen
Thomas Fearnley, vitja Kroken i 1843 og gjorde ein mengd skisser frå Sognenatur og -folkeliv.
I 1850 kom den tyske kunstnaren Georg Saal (1818-1870) på vitjing til Kroken.
I 1851 kom den tyske Gude-eleven og seinare kunstprofessoren Johann Wilhelm Cordes (1824-1869) på vitjing, og i 1853 målaren Gustav Ochs (1825-1858) frå Køln. Han vart buande i Kroken i tre veker.