Men handelen starta først på Eide på austsida av fjordbotnen:
På storgarden Eide hadde brukarane heilt sidan midten av 1600-talet drive handel og gjestgiveri - sjå:
Storgarden Eide i Skjolden. Kring 1670 veit vi at Per Mogensson Eide dreiv både handel og eit par sagbruk. Sonesonen Kristen Mogensson Eide fekk løyve til både gjestgiveri og landhandel i 1735, men både handel og gjestgiveri på denne Eide-sida av elva vart lagt ned på 1790-talet.
Handel på Rognstad
I 1805 kjøpte ein mann som heitte Hartvig Johannesson Irgens ut ein del tomter i Skjolden. Han fekk både handels-og gjestgjevarløyve. Men det vart ikkje noko handel der før Ludolf Johan Kramer frå Årdal startar landhandel i 1818. Den dreiv han til 1830. Staden vert på denne tida kalla "Rognstad".
Eksotisk mellomspel
I eit par år fram til 1832 vart gjestgiveriet drive av den svenske seglskuteskipperen Jonas Ahlstrøm. Etter dette "eksotiske" mellomspelet overtok bygdemannen Asbjørn Sørenson Skjolden handelen og dreiv fram til 1850. Enkja, Anna Maria Skjolden, dreiv eit par år før ho selde til bergensaren Johan Weiner Krohn Jensson Jürgensen.
Kamp om handelsløyve
Men den nye eigaren fekk tevling om handelsløyvet i Skjolden frå bonden på Eide-garden, som då var gudbrandsdølen Steinar Torgerson Sulheim. Jürgensen vann handelsløyvet framfor Sulheim fordi han som "smurning" lova å byggje bru over Fortunselvi på eigen kostnad. Jürgensen etablerte handelen på Skjolden-sida av Eide-elva. Men han innfridde aldri lovnaden om brua.
Steinar Sulheim søkte på nytt om gjestgjevar- og handelsløyve på Eide i 1852, men fekk beskjed av eit knapt fleirtal i kommunestyret om at skal han drive handel, så må det skje på Skjolden-sida.
Lehmann med handel og overnatting
I 1853 starta Hans Lehmann frå Bergen landhandel og gjestgiveri i Skjolden, og dreiv til han flytta tilbake til Bergen i 1868 og overlet handelen til Christen Christenson Rebni. Rebni var også den første som starta handel i Fortun. Det skjedde i 1866, men Rebni flytta to år seinare ned til Skjolden for å drive handelen der. Denne Rebni-butikken vart driven til 1890-åra.
I 1859 starta Thomas Drægni landhandel på Eidsbakken i Skjolden, og denne forretninga vart seinare overteken av sonen, konservespionéren
Halvard Drægni, deretter av Kristen Fortun som dreiv fram til 1958.
Frå skysstasjon til hotell i Skjolden
Frå tidleg 1800-tal var det skysstasjon i Skjolden for folk som reiste over Sognefjellet. Bru over elva i Skjolden vart bygt i 1859.
Då den seinare kong Oscar II reiste over Sognefjellet i 1860, var det kjøpmann og gjestgjevar Hans Lehmann (sjå ovanfor) som dreiv skysstasjonen og stod for trakteringa av kronprinsen. Lehmann sende ei dryg rekning etter kongeopphaldet til kommunen, som nekta å betale. I staden sende kommunen rekninga vidare til amtet!
Gudbrandsdøl overtok
I 1886 kom det skikkeleg køyreveg frå Skjolden til Fortun.
Etter fleire eigarskifte vart gudbrandsdølen Torgeir Sulheim på storgarden Eide styrar for skysstasjonen, og i 1908 selde han stasjonen til den Gudbrandsdals-ætta Jon Olsson Galde (1886-1977). Saman med ektemaken Anna bygde Jon Galde det første hotellet i 1912. Dei utvida hotellet i 1918, 1937 og 1958.
|
Skjolden hotell. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
I 1961 overtok sonen Ola Galde saman med ektemaken Inger hotellet og utvida det mykje i 1963. Ola døydde i 1970 og sønene Jon og Einar Galde overtok og skipa hotellet om til aksjeselskap i 1976. Også i deira tid har hotellet vorte utvida og modernisert. Den siste resten av det eldste hotellbygget vart rive i 1973.