|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Luster: Fortun kyrkje | (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Fortun kyrkje bygt 1879. Arkitekt E. Rusten, byggmeister er ukjent. Altartavle frå 1879 er eit glasmåleri, truleg frå Tyskland. Publisert 09.07.2003 15:17. Oppdatert 10.07.2003 13:29. | (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Gamal altartavle frå kring 1630 heng på sideveggen i koret. To kyrkjeklokker er frå 1200-talet. Anna utstyr er frå byggjeåret eller seinare.
Noregs eldste relikvieskrin frå FortunI Bergen Museum finst eit relikvieskrin i forgylt kopar og brun emalje frå 1220-1250. Fortun-skrinet er 31 cm. langt, 13 cm. breidt og 330 cm. høg, og er det eldste bevarte relikvieskrinet i Noreg. På langsida av skrinet er alfabetet rissa inn under ei biletrekkje av apostlane, og foten er laga som arkaderekkjer (boge/søylerekkjer). Skrinet har likskapstrekk med Sunniva-skrinet frå Selje kloster.
Fram til nyekyrkja vart bygt i 1883 sto det ein gamal stavkyrkje i Fortun, bygt 1160-1180. Konsul F. G. Gade nytta mange av dei gamle bygningsdelane då han sette opp ein kopi av ei stavkyrkje på Fantoft ved Bergen.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|