|
Dagens industriområde i Gaupne. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Lokalt i kommunen argumenterte særleg dåverande ordførar
Anders Bjørk for varige arbeidsplassar i byte mot kraft. Det første resultatet av dette kravet var at "Indre Sogn-utvalet" vart skipa vinteren 1972. I utvalet sat folk frå fylket, kommunen og
Årdal og Sunndal Verk (ÅSV).
Generaldirektør Onar Onarheim i Akergruppen var på den tida styreformann i ÅSV, og slik vart konsernet hans også kopla inn i arbeidet med å skaffe Luster varige industriarbeidsplassar.
Kommunen såg ut til å lukkast langt på veg då Akergruppen melde seg interessert i å starte oljeretta industri i Gaupne. ÅSV skulle også eige ein part i den nye verksemda.
Ein kom også så langt at industriselskapet Luster Industrier A/S vart skipa. Ein del av aksjekapitalen frå Akergruppen og ÅSV vart nytta til opparbeiding av eit 200 dekar stort industriområde på Grandane i Gaupne. Området vart fyllt opp og planert med tunnelmasse frå Leirdøla-anlegga. Her var det så planen å byggje store stålseksjonar til oljeplattformer. Planen var å byggje opp ei verksemd som på kort tid kunne gje arbeid til 240-320 personar.
Det var også på tale setje av ein del areal langs elva for ein småflyplass.
Industridraumen brast
Men Akergruppen kom korkje til Gaupne eller til Førde der det også var på tale starte ein motorfabrikk nokre år tidlegare - sjå:
Vekstsenteret Førde.
Akergruppen sine planar i Gaupne vart skrinlagde - delvis som fylgje av nedgangstider i verftsindustrien samstundes som ein fekk ei sterk overetablering av verft og anlegg som satsa på stålkonstruksjonar til oljefelta.
I 1975 kasta Akergruppen korta og melde pass i Gaupne-prosjektet. I staden vart det digre industriarealet på Grandane stykka ut til mindre versksemder som ville etablere seg der - m.a.
LMI - Luster Mekaniske Industri. Kommunen bygde også nokre industribygg til utleige på området.
- Men sjølv om det med åra har grodd opp annan aktivitet på det 200 dekar store arealet, er det framleis langt fram til ein oppfyller draumane frå 1970-talet, då ein såg føre seg ein liten "industriby" i Gaupne med fleire hundre arbeidsplassar.