Samanhengande kjerreveg mellom Sogndal og Marifjøra kom ikkje før i 1848. Vegen fekk status som hovudveg i 1876.
Køyreveg Skjolden-Fortun
vart opna i 1866. Sjå også:
Sognefjellsvegen.
Vegen Hafslo-Solvorn
vart i 1870 lagt om slik at den kunne køyrast med lass på over 200 kilo. Det vart bygt ny veg Solvorn - Galden - Hillestad i 1893.
Vegen Marifjøra-Røneid framom det bratte Røneidsberget vart opna i 1880, og dermed fekk også Jostedalen skikkeleg vegsamband til utskipingshamna og handelsstaden Marifjøra.
Vegen frå Hafslo kyrkje til Telgneset
ved Veitastrondvatnet var ferdig i 1895.
Vegen Luster-Skjolden vart opna i 1899. Her vart ein av dei første vegtunnelane i fylket bygt ved Ottum.
Hovudvegen opp Jostedalen vart bygt i 1890-1891. Vegen hadde berre 2,5 meters køyrebreidde.
Veitastrond fekk vegsamband til Hafslo i 1955.
Vegen Marifjøra-Eikum
vart opna i 1962.
|
Riksvegen i Marifjøra er kortast i landet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Landets kortaste riksveg
Den gamle strandstaden Marifjøra på sørsida ved Gaupnefjorden kan skryte av å ha Noregs kortaste riksveg. Det er riksveg 603 som går frå krysset med riksveg 55 og ned til kaia. Den måler berre 245 meter!
Vegen Skjolden-Kinsedal
Vegen Skjolden-Kroken på sørsida av Lustrafjorden vart bygt i fleire etappar på 1960- og 1970-talet, og fullt opna fram til Kroken i 1974. Her går vegen gjennom tre store tunnelar: Kviteskreda 297 meter, Galdane 878 meter og Stokkanestunnelen 355 meter. Vegen Kroken-Ornes kom 1981, og Kroken-Kinsedal i 1986.
Fardalsvegen i Øvre Årdal vart opna i 1921, og vart forlenga frå øvste garden Åbøle med bomvegen over til Turtagrø i Luster i 1970.