SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Luster:

Køyrevegen over Sognefjellet

Sognefjellsvegen med utsyn mot Smørstadtindane. Biletet er frå slutten av 1950-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Sognefjellsvegen med utsyn mot Smørstadtindane. Biletet er frå slutten av 1950-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Første planen for ein køyreveg over Sognefjellet vart lansert av vegdirektør Hans Hagerup Krag i 1896. Han fekk den lokale kjentmannen Eiliv Brenna og ingeniørar til å synfare fjellet for å finne den beste veglina.

Publisert 23.06.2003 10:43. Oppdatert 15.05.2008 12:59.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Sognefjellsvegen og naudsarbeid [WM]  Per Vetti frå Årdal fortel til Ottar Starheim om tida på 30-talet då han var med og bygde Sognefjellsvegen som naudsarbeid for arbeidslaus ungdom.
På Sogne-sida fekk "Fortuns-lina" ei tid uventa konkurranse frå folk som gjerne såg at Sognefjellvegen gjekk over Skogadalsbøen og ned til Øvre Årdal, men det var lina frå Dummdalen til Ormelid og Fortun som vann fram.

Krag synfor sjølv veglina over fjellet i 1901, og i 1902 vart vegen stukken. Men det viste seg at det no var lita politisk interesse på Opplands-sida for å gje Sognefjells-prosjektet prioritet.

Bygdefolket starta arbeidet

Men bygdefolket på begge sider av fjellet var utålmodige, og tok på kvar si side til å byggje veg, litt for litt. I 1935 var såleis vegen på Gudbrandsdals-sida køyrande med bil fram til Krossbu, men den var smal; berre 2 til 2, 5 meter brei.

På Sogne-sida var det samstundes i gang bygging av bygdeveg med statsløyving frå Fortun til Turtagrø. Her sto det i 1936 att ni kilometer før vegen var framme ved Turtagrø. Midt oppe på fjellet mellom Turtagrø og Krossbu sto det att 20 kilometer før vegen var skøytt saman.

Sognefjellsvegen som naudsarbeid

Sognefjellsvegen sto ikkje på prioritetslistene korkje i Sogn og Fjordane fylke eller i Oppland fylke, men i 1935 vart det gjort opptak til at Sosialdepartementet skulle løyve pengar for å starte naudsarbeid for arbeidslaus ungdom på fjellvegen.

Vinteren 1936 løyvde Sosialdepartementet pengar slik at det våren etter kunne startast ein arbeidsleir på kvar side av fjellet med 100 gutar i kvar gruppe.
Ein bil frå Sogn Billag på Sognefjellet på slutten av 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn Billag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Samstundes vart det sett av løyvingar til ei rask sluttføring av bygdeveganlegga frå Fortun til Turtagrø.

Vegopning i 1938

Arbeidet på Sognefjellsvegen starta sommaren 1936, og vegen var skøytt saman seinhaustes 1937. Dei fleste gutane som arbeidde på anlegga kom frå Sogn og Fjordane og Oppland, men her var også nokre ungdomar frå Trøndelag. På grunn av snø og høgfjellsforhold heilt oppe i 1400 meter over havet, kunne arbeidet berre gå føre seg i fire sommarmånader i slengen. Vegen vart bygt med 3,5 meters breidde. Gutane budde i to brakker ved Krossbu og Fantesteinvatnet. Arbeidet vart lagt opp som akkordarbeid, og gutane heldt seg jamnt 60 - 75 øre timen.
Vegen vart offisielt opna sommaren 1938, og vart samstundes riksveg. Også somrane 1938 og 1939 arbeidde nokre gutar på vegen m.a. med utviding av eindel møteplassar. Toppunktet på Sognefjellsvegen ligg 1434 m.o.h., og vegen går i dei brattaste partia med ei stigning på 1:8. Heile strekninga frå Skjolden til Lom er på 84 kilometer.

Sognefjellsvegen ved Turtagrø. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Nasjonal turistveg

Sognefjellsvegen fekk status som nasjonal turistveg i 1997. Det er bygt fleire stoppestader ved gode utsiktspunkt, og både på Sogne- og Bøverdalssida er det informasjonstavler om vegen og naturen i kring. I 2006 vart den gamle ruta som vart nytta då ferdfolket gjekk og kløvja over fjellet merkt og opna som vandrarveg. Den har namnet Vardevegen og går frå Turtagrø til Krossbu.

Hovudside:
· Sognefjellsvegen


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no