I gamle dagar var folk tydeleg meir prosesslystne enn i dag.
Etter segna skulle Sogne-futen ein gong i tida vere busett Hafslo - det som tidlegare vart kalla Fylkesbygda. Det er frå denne tida at namnet Futespranget i Helvetesfossen i Årøyelva stammar.
Rasmus heitte ein smed som på 1600-talet kom over frå Jølster og slo seg ned på garden Tuftane i Fjærland. Heime var han lyst fredlaus etter å ha fått barn med ei jente utanom ekteskap. Men Rasmus hadde også eit godt auge til ei Jølstra-jente som heitte Kari Lunde...
På garden Nedre Mundal i Fjærland budde det midt på 1600-talet ein jølstring som heitte Frans Lunde. Han var innblanda i "Drapet på den forsmådde friaren".
Kring 1800 budde lensmannen i Sogndal på garden Bjedla. Her hadde han mura eit lite fengsel. Ikkje så langt unna ligg Eggjaberget, som i 1841 vart nytta som rettarstad for Johannes Eggja, som hadde teke livet av kona og minstebarnet med rottegift.
I 1974 gjekk det rykte om at revolusjonære AKP (m-l)-grupper i Sogndal skulle ha sett opp likvidasjonslister over bygdefolk.
I 1999 vart skuleungdomen Arve Beheim Karlsen frå Hafslo funnen drukna utanfor munningen av Sogndalselva. To unge gutar vart tiltala for å ha jaga han.