Nils Christen Dankertson Kvithovud (kring 1700) frå Bergen, busett på Nagløyri i Årøy. Handelsmann og bondeførar.
Han gifta seg med dotter til Anders Berentson Nagel, som åtte garden
Nagløyri, og arva garden i 1698.
Valt til bondeførar
I 1712 leia han eit protestmøte på Hafslo mot dei tunge skattane. Her vart han valt som utsending til å bere fram klagene for kong Fredrik IV. I København fekk han tale fire gonger med kongen, og både kongen og embetsverket undra seg då Nils fortalde at dei hadde fått auka skattar. Då Nils kom heim og fortalde om møta i København, tolka bøndene det han sa slik at dei nekta å betale dagskatt. Men Sogne-futen Peder Leganger fekk med seg soldatar som reiste rundt og panta gardane til folk som ikkje betalte skatten slik han kravde.
Arrestasjon
Ein stad samla bøndene seg og jaga soldatane frå bygda. Dette vart sett på som opprør,
og Nils Kvithovud vart utpeika som førar og arrestert i 1713. Han vart lagt i jarn og ført til Bergenhus festning.
Utpressing
Nokre veker seinare samla bøndene seg og truga med å ta skrivarfullmektigen til futen, Anders Ørbech, som gissel dersom ikkje Nils vart sett fri innan 10 dagar. Den hardt pressa futen lova dette, men braut seinare lovnaden. I 1714 vart Nils Kvithovud, kona Margreta og 13 bønder stilt for retten for det dei hadde gjort. Nils og Margreta vart dømde til døden, og dei 13 andre til hardt straffarbeid - ein av dei på livstid.
Sparte livet etter anke
Men Nils og Margreta fekk lov til å anke dødsdomen heilt til høgsterett. Her vart domen omgjort til fengsel fram til 1721 og 40 dalar i sakskostnader. Nils Kvithovud flytta tilbake til Bergen på 1740-talet.