SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Museumsbyggjarane Heiberg

På skiltet på det gamle museumsbygget på Øvre Amla står det:
På skiltet på det gamle museumsbygget på Øvre Amla står det: "Det Heibergske Familiemuseum - Sogns Folkemuseum". Bygget inneheld i 2003 eit portrettgalleri. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Hans Knagenhjelm Heiberg vart korkje rådlaus eller motlaus av at heimen hans var ribba i 1852 (sjå: Øvre Amla som bustad for amtmannen). Han sette i gang for å samle mest mogeleg av dei tapte familieklenodia tilbake til garden. Han skipa "Det Heibergske Portraitgalleri paa Amblegaard".

Publisert 10.04.2003 15:11. Oppdatert 13.06.2003 16:20.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Men samleiveren gjekk langt vidare enn til å sanke tilbake det som var flytta frå garden, og til slutt var det fullt frå loft til kjellar.

I 1893 sette Hans Knagenhjelm Heiberg av midlar til "Det Heibergske Familiemuseum paa Amblegaard".

I 1897 tok Gert Falch Heiberg over eigedomen, og vart ein endå meir ihuga samlar enn faren hadde vore. Han vart ein nær ven av museumsbyggjaren Anders Sandvig som skapte Maihaugen på Lillehammer. Sandvig var ofte med Heiberg når han reiste rundt i Sogn på samlarferd.

Museumhusa vert reiste

Gert Falch Heiberg. (©Fylkesarkivet)
I 1905 bygde Gert Falch Heiberg ein stor museumsbygning i tunet på Øvre Amla. Der står det skore inn i veggen: "De Heibergske Familiemuseum - Sogns Folkemuseum" (sjå biletet øvst på sida).
I tillegg til fleire tusen gjenstandar, flytta Heiberg ei mengd gamle hus frå Sogne-bygdene og sette dei opp som museum like ved gardstunet. Det største var den gamle prestegarden frå Vik i Sogn (dette vart flytta og gjenreist etter at G. F. Heiberg var død).
Seinare vart det også reist eit stort hus for alle båtane som han hadde samla.

Stor reidskapssamling

Den gamle reiskapssamlinga på Amla er flytta til Kaupangerskogen, og dette gamle utstillingsbygget skal rivast. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Noko av det mest verdfulle frå Gert Falch Heiberg si tid er den store samlinga av gamle handverkar- og jordbruksreidskap. Dette er ei av dei største samlingane av slike reidskapar i Norden.

I 1909 vart Historielaget for Sogn skipa, og Heiberg overdrog samlingane sine til laget. Seinare fylkeskonservator Svein L. Vold vart ein god hjelpar for Heiberg då han i 1937 vart tilsett som museumsassistent.
Både Gert Falch Heiberg sin son, Hans H. H. Heiberg og sonensonen Gjert Heiberg har teke aktivt del i museumsdrifta og hatt leiande tillitsverv i museumsstyret.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I museumstunet på Øvre Amla stod dei gamle bygningane tett, og brannfåren var stor. På 1970-talet starta så flyttinga av museet til ei ny tomt på Kaupangerskogen. I 2003 har museet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker.

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger inneheld samlingar av m.a. av eldre båtar og sjøbruksutstyr frå Sogn.

Hovudside:
· Amla-gardane


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no