Eggjasteinen er 1,60 meter lang og 0,71 meter brei og vart funnen i 1917 på garden Eggum (Eggja) av bonden Nils J. Eggum. Gjennom museumsmannen
Gert Falch Heiberg vart den kjende arkeologen Haakon Shetelig tilkalla for å granske steinen.
Steinen vart flytta til Bergen Museum, medan
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har fått ein gipskopi.
Urnordisk språk
Runene er plasserte i to lange og ei kort rekkje med til saman kring 180 runeteikn. Språket er urnordisk, som var eit felles germansk språk som vart nytta i Nord-Europa fram mot år 500.
Tolka som gravskrift
I 1919 tolka runeeksperten Magnus Olsen innskrifta til å vere ei gravskrift over bonden på Eggja, som vart svikefullt drepen og deretter dregen heim att til garden på ein slede:
Ikkje treft av sol
og ikkje skoren med kniv
Denne (steinen) overauste mannen med liksjø (blod)
og skrapa med den keipar på ein bornmøde hun (slede)
Kven av flokken er komen hit til menneskeland.
Fisken, den faste i sitt forsett,
gjennom likstraumen symjande
Guglen, som ville skrike om den fekk slite lik.
For Ormar er fostra ein hemnar.
Avvikande tolkingar
Seinare har andre forskarar kome med sterkt avvikande tolkingar: Dr. philos. Ottar Grønevik set i ei bok i 1985 teksten i samband med ei gravferd, og at første delen av skrifta knyter seg til eit dramatisk skipsforlis, og at dei omkomne vert førte av ein "menneskefisk" til dødsriket. Ein del av skrifta meiner Grønevik også knyter seg til den gamle germanske seidtradisjonen.
|
Detalj av Eggjasteinen. (Foto: Arild Nybø, NRK) |