Ei av dei utallige "Olavskjeldene" finn vi ved den gamle ferdslevegen mellom Barsnesfjorden og Hafslo ved Årøyelva. Her som i andre "Olavskjelder", skal vatnet ha lekjande kraft.
Dei fleste fornfunna som er gjorde i Fjærland, skriv seg frå den yngre jernalder og vikingtida.
På garden Kvam på vestsida av Barsnesfjorden er det gjort fleire gravfunn. I eine gravhaugen var det etter segna ein småkonge som heitte Tor.
I 1184 kom det til eit endeleg oppgjer, då Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson møttest i slaget ved Fimreite i Sognefjorden. Her fall kong Magnus saman med 2.000 av mennene sine.
Amlabukta - eller Kaupangerbukta som nokre vil kalle den - er ei lun fjordbukt lengst aust i Sogndal kommune. Kring bukta ligg dei staselege herskapshusa til familiane Knagenhjelm, Heiberg og Falch Husum og vitnar om fordums rikmannsliv. Her ligg også den store Kaupanger stavkyrkje - og her låg også "Lusakaupang" - første kjende marknadsplassen i fylket.
Ingen stader i fylket er det registrert så mange adelsgardar - eller setegardar - som i Sogndal. I tillegg til det mest kjende Kaupanger-godset, var det i høgmellomalderen (1200-1300) også såkalla setegardar for stormannsætter både på Slinde, Stedje og Kvåle - truleg også på Eggum.
Frå 1530 var det den dansk-norske kongen sine futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme. Då budde futen på gardar i Sogndal.
Luklaholet
På Amlaneset er det ei hole i berget som vert kalla Luklaholet. Segna fortel om ein hund som vart borte i Luklaholet. Etter ei tid kom han ut att i Bakkateigen - men då var han blitt sau!