I 1875 kjøpte Jakob Trondsen Tørvi gjestgiveriet og handelen. Etter han overtok sonen Anders og ektemaken Thea hotellet, og då Anders døydde i 1905, dreiv enkja hotellet vidare til 1918. Frå 1912 leigde ho ut handelen til Andreas Eithungjerde frå Balestrand fram til 1918.
Vart turisthotell
Frå 1909 utvikla Tørvis Hotell seg meir og meir som turisthotell. Hotellet dreiv fram til 1920-åra skysstasjon og hadde fleire hestevogner til å skysse turistar med.
Hans Bugge Næss overtek
I 1918 kjøpte eigar av
Hofslund Hotell i Sogndal, Per J. Næss og ektemaken Anna hotellet og landhandelen. Anna slekta frå "hotellfamilien" i Marifjøra. Dette var såleis ein handel innan familien Tørvi, og hotellvertskapet ved Hofslund overlet drifta av "familiehotellet" i Marifjøra til sonen Hans Bugge Næss og ektemaken Brita f. Feet. Frå 1936 dreiv dei også bensinstasjon. Dei dreiv landhandelen til 1945.
|
(Foto: NRK) |
Sønene fører drifta vidare
Etter Hans og Brita Bugge Næss overtok sonen Per Bugge Næss som hotellvert, medan ein annan son, Kjell Bugge Næss, m.a. dreiv garden som høyrde til eigedomen, og ein souvenirbutikk.
I 2005 selde Per Bugge Næss Tørvis Hotell til Oslo-mannen John Nyborg, som sette i gang stor oppussing. Etter konkurs vart hotellet selt vidare til eit London-basert selskap i 2006.
Utviding i 1948
Tørvis Hotell vart utvida med ei fløy på baksida i 1948, og med seinare utvidingar i 1958, 1968 og 1970 har Tørvis Fjord Hotell i 2003 i alt 50 gjesterom og 76 senger.
|
Resepsjonen på Tørvis hotell. (Foto: NRK) |
Celebert besøk
I 1956 budde dronning Juliana av Nederland og mora hennar, eks-dronning Wilhelmina, i fem dagar på Tørvis Hotell.
Ekspedisjon og landhandel
Brørne Per og Kjell Bugge Næss eigde kaien i fellesskap og var dampskipsekspeditørar så lenge det var ruteferdsle til Marifjøra. Då Marifjøra Handelslag avvikla i 1977 (sjå:
Landhandlar i Luster, 1940), tok Kjell Bugge Næss opp att daglegvarehandelen. Fram til 1989 hadde han også bensinstasjon. I 2004 vart denne siste landhandelen i Marifjøra lagd ned.
|
(Foto: Arild Nybø © 2003) |