SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Lerum satsar på Kaupangerskogen

Lerum sitt anlegg på Kaupanger dekkjer 17.000 kvadratmeter. (Foto: NRK)
Lerum sitt anlegg på Kaupanger dekkjer 17.000 kvadratmeter. (Foto: NRK)
I 1987 skipa Lerum selskapet Polytech som bygde eigen flaskefabrikk til 30 millionar kroner på Kaupangerskogen, og i 1993 kjøpte selskapet eit eige fraktefarty - "Gunvor Lerum" for transport av ferdigvare og returgods. Skipet vart selt etter kort tid, og konsernet har sidan i hovudsak satsa på trailertranport av produkta.

Publisert 25.03.2003 11:09. Oppdatert 27.02.2006 14:09.
Konsernsjef Kåre Lerum (t.v.) og teknisk direktør Bjarne Lerum på tappeanlegget for brus i 1997. (Foto: NRK)
Med sterk støtte frå Statens Nærings- og Distriktsutbyggingsfond (SND) vart eit nytt stort produksjonanlegg for mineralvatn teke i bruk på Kaupangerskogen i 1995. Anlegget var på 17.000 kvardratmeter og kosta 200 millionar kroner. Det hadde kapasitet til å produsere 27.000 liter brus og 15.000 liter saft i timen.

Bjarne Lerum var teknisk leiar for prosjekt og drift, og ein annan bror, arkitekt Vidar Lerum f. 1947, teikna anlegget. Anlegga på Kaupanger skapte 150 nye arbeidsplassar. Men i 2006 vart det kjent at Lerum måtte skjere mykje ned på brusproduksjonen, og redusere arbeidsstokken med tilsaman 30 årsverk ved anlegga på Kaupangerskogen og på Lærdalsøyri.

Fabrikken i Fjøra vart modernisert i 1997. I 2003 er Lerums industriverksemd delt mellom selskapa Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS.

I 2006 overtok tredje generasjon Lerum med Gro Lerum Bondevik (f. 1965), Bente Lerum Lund (f. 1969), Trine Lerum Hjellhaug (f. 1975), Kurt Lerum (f. 1959) og Grethe Kristin Lerum (f. 1971) styringa i det familieeigde konsernet.

Hovudside:
· Lerum-konsernet


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no