SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Sogndal Tændstikfabrik

Industrianlegget på Foss kring 1880. (Foto © Fylkesarkivet)
Industrianlegget på Foss kring 1880. (Foto © Fylkesarkivet)
Sogndal Tændstikfabrik var i drift frå 1855-1884. Vart starta av svensken August Sjøberg.

Publisert 24.03.2003 11:42. Oppdatert 18.08.2003 10:04.
August Sjøberg satsa på Sogndal fordi han kunne nytte vassfalla i Sogndalselva som drivkraft, og i liene voks det osp som var det beste trevirke for fyrstikker. Dessutan fann han mange villige og billige arbeidshender mellom fatigfolket i Sogndalsfjøra. Han bygde ein etter den tid stor fabrikkbygning i to etasjar på Foss.

I 1868 selde han fabrikken til kjøpmann Henrik Krohn i Bergen og sivilingeniør M. H. Krog i Sogndal. Dei gjorde avtale om leige av vassfallet ved Foss "på livstid". Krog var styrar og dagleg leiar, og overtok etterkvart som eineeigar.
I 1870 vart fabrikken totalskadd av brann, men produksjonen kom i gang att i 1871.

I 1872 hadde fabrikken 16 vaksne arbeidarar og 20 barn under 15 år i arbeid. I tillegg hadde 10 kvinner heimearbeid med liming av fyrstikkøskjer.

Fyrstikkene vart høvla frå godt og kvistfritt trevirke med ein spesiell høvel med 16 loddrett stilte knivar og ein vassrett som skar tjukna. Stikkene vart bløytte i parafin for å brenne betre.

Helsefårleg barnearbeid

Bruk av fosfor og svovel gjorde arbeidet i fyrstikkfabrikken svært helsefårleg. I tillegg kom den ekstreme brannfåren. Hår og skjegg lyste av fosfor når arbeidarane gjekk heim i mørkninga. Hadde ein munnsår, kunne fosfor øydeleggje tannkjøt og bein. Mange fyrstikkarbeidarar måtte tole smertene når legen måtte meisle bort øydelagt kjevebein, ofte utan bedøving.
I dette usunne miljøet arbeidd både born og vaksne. Men sjølv om helsefåren var stor og løna skral, så stod folk på ventelister for å få arbeid på fabrikken.

Fyrstikker til eksport

I 1875 vart Sogndal Tændstikfabrikk aksjeselskap og vart mykje utvida. I 1875 hadde fabrikken 110 arbeidarar, derav halvparten kvinner og 20 var born under 15 år. Fyrstikkene vart for det meste eksportert til England, Holland, Portugal og Italia. I 1875 arbeidde leiinga aktivt for å gjere Kina til hovudmarknad.
I tida frå 1870 hadde norske fyrstikkfabrikkar stor eksport, men på 1880-talet møtte dei sterk konkurranse frå Japan. Medan det var 20 norske fyrstikkfabrikkar i 1870, var det berre 6 att ved hundreårsskiftet.

I 1881 kom fyrstikkfabrikken ved Sogndalselva i økonomiske vanskar. Bergensarane trekte seg ut og bygdefolk freista med eit nytt aksjeselskap og drive vidare. Den 7. mai 1881 brann ein del fabrikkbygningar, og ein brann i september same år gjorde endå meir skade. Men fabrikken vart bygd opp på nytt i 32 meters lengd og med to etasjar.

Rik engelskmann tek over med veveri

Men i 1883 var det kroken opå døra for det bygdeeigde selskapet. Ein fyrstikkfabrikant i Bergen, Jens Undahl, kjøpte selskapet. I 1884 brann det for fjerde gong, og fyrstikkfabrikken ved Sogndalselva vart lagt ned.
I 1887 selde Undahl bygningane til engelskmannen Wilfred Burton Rowley Kennedy som installerte veveri med 13 vevstolar, og starta det som seinare vart Sognefjorden Ullvarefabrikk. Kennedy hadde riksmannsbakgrunn heimanfrå. Sogndølene som kjende han, meinte han var sterkt avhengig av morfin, tung på alkoholen, og truleg meir interessert i å fiske laks i Årøyelva enn å drive ullvarefabrikk i Sogndal. Etter eit par år selde han seg ut.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no