SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Danielsens Hotell

Fossetunet i Sogndalsfjøra i 1870 før staden vart ombygd til Danielsens hotell. (Foto © Fylkesarkivet)
Fossetunet i Sogndalsfjøra i 1870 før staden vart ombygd til Danielsens hotell. (Foto © Fylkesarkivet)
Danielsens Hotell var eit framhald av gjestgiveriet som låg på Nytappen eller Fossetunet, og låg på reina der ein køyrer ned til dampskipskaia - sjå: To gjestgiveri i Sogndalsfjøra. Her hadde kremmaren "Jens på Nytappen" drive gjestgiveri.

Publisert 10.03.2003 14:34. Oppdatert 12.06.2003 20:35.
J. A. Foss.
Seinare overtok handelsmann J. A. Foss landhandelen og gjestgiveriet, og hadde brennevinsskjenking. Denne Foss var ein av skiparane av Sogndal Sparebank i 1841, og ein mektig mann i bygda. Etter han overtok bergensaren Kvammen eigedomane og dreiv til ut på 1880-talet, då Daniel Danielsen overtok.

Starta med 10 senger

Daniel Danielsen kom frå Bryggja i Nordfjord, og gifta seg med ei syster til Nils Landmark Lem som var lensmann i Sogndal frå 1879 til 1916.
Gjestgiveriet på Fossetunet i 1860. (Foto © Fylkesarkivet)
Danielsen kjøpte den gamle bygningen i Fossetunet og starta hotell med 10 senger. Dette må ha vore kring 1890. Hotellet var då eit vakkert hus på to etasjar og med høgt, valma pannetak - svært likt den kjende sorenskrivargarden på Loftesnes.

Billett for å sjå på "dampen" i Sogndal

I tillegg til hotelldrifta, var Daniel Danielsen dampskipsekspeditør og handelsmann, og i 1893 bygde han det første meieriet i Sogndal - sjå: Meierihistoria i Sogndal. Folk som ville ned på kaia for å glo på "dampen" måtte løyse ei avgift på 5 øre for å sleppe gjennom den låsta grinda som Danielsen hadde bygt i kaibakken!

Storfine gjester

Mellom dei som tok inn på hotellet, var lordar og hertugar som fiska laks i Årøy. Her budde også indiske maharajaer, hertugen av Windsor og Bjørnstjerne Bjørnson.

Slekta overtek

I 1909 fekk Daniel Danielsen hjelp av syskenbarnet Oscar Danielsen frå Bergen. Han gifta seg med kjøpmannsdottera Berta Olsen, og då grunnleggjaren døydde i 1921, overtok dei både hotellet og dei andre verksemdene. Oscar døydde i 1944, og Berta dreiv åleine fram til 1964, då dottera Anne Margrete Olsen og hennar ektemake Magne Hovland overtok.
I 1971 vart Danielsen Hotell rive for å gje plass til A/S Forretningsbygg.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no