Utdanna organist og kantor ved Bergen Musikkkonservatorium 1971 og studerte komposisjon ved Musikhøgskolan i Stockholm 1972. Debuterte som organist i 1971, og fekk gjennombrotet sitt som komponist i 1972 med verket "Bøn" for strykarar, kor og sopransolist.
Åm sin produksjon spenner frå vokal- og kammermusikk, via elektro-akustisk musikk, og til store orkesterverk og multimedia.
Av nyare verk kan nemnast "Punkt null" (1979-1983), symfonien "Mi klode, mi sjel" (1982), klavertrioen "Fritonale samtaler" (1986), orkesterverka "Lyfter me som ein" (1986), "Tidlaus energi" (1991), "...og let båten gli stille ut" (1989).
Oratoriet "Livet" (1990) som er identisk med "Pilegrimsspelet", skrive til Nidarosdomen i Trondheim.
Mellom eksperimentelle verk er t. d. multimedia-verket "Burfugls draum" og "På ein stol" - eit verk der visuelle effektar som mime er lagt inn - og kammerverket "Fritt fram", der musikarane enno ikkje er møtte fram før verket tek til.
I multimediaverket "Tonebad" (tekst av Liv Holtskog og installasjonar av Astri Eidseth Rygh) er det berre ein person om gongen som får oppleve verket. Åm har også eit langsiktig improvisasjonsprosjekt - "Musikalsk spegelbilde" - der ein person kan få skrive eit pianostykke tileigna seg sjølv der og då, inspirert av personen si eiga utstråling.
Son til
Olav Åm.