Knutsen-familien stamma frå Bergens-kanten. Den tok etter Fretheim-konkursen over det meste på Hermansverk og dreiv handel og damspkipskai, hotell, slakteri og pølsefabrikk, bygde ein stor hermetikkfabrikk med elektrisitetsverk, mølle, sagbruk, høvleri og trelastlager.
Heile Hermansverk var prega av aktivitetar kring familien Knutsen:
Gullak Olai Knudsen (1832-1908) var stamfar til Knutsen-folket på Hermansverk. Han var fødd på Årstad ved Bergen og hadde gått i møllarlære i Danmark. Han starta først ei mølle i Erdal i Lærdal kommune, og budde der før han flytta til Hermansverk og bygde ei mølle der. Han hadde tre born: Arnanda, Albert og Henrik.
Dottera Arnanda dreiv hotell, sonen Henrik og hans etterkomrarar dreiv m.a. hermetikkfabrikk, trelasthandel og pølsefabrikk, medan ein annan son, Albert, rådde med landhandel og skipsekspedisjon.
Særleg dei to store bygningane på kaien som romma hermetikkfabrikken og trelasthandelen ruva godt i landskapet, og alle Knutsen-verksemdene gav arbeid til kring 100 personar på det meste.
På tvangsauksjonen etter konkursen til Hanna og
Peter Johan Fretheim i 1897, kjøpte Arnanda Knutsen hotellet på Hermansverk saman med ei prestedotter frå Lærdal, Henriette Schielderup.
Kring Henjaelvi og dampskipskaia rådde Knutsen-familien som eigarar av handel og industri i lang tid, fram til dei siste bygningane og kaia brann i 1979:
·
Kjøpmanns-greina i familien Knutsen
·
Industri-greina i familien Knutsen