SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Aurland fødde før år 1850

Omtalane er ordna etter fødselsår.

Publisert 17.01.2003 14:38. Oppdatert 24.01.2007 13:54.

Pål Bårdsson

(ca. 1280–1346). Biskop.

Anfinn Anderssøn Soop

nemnd 1522, av lågadeleg ætt, truleg busett i Undredal.

Absalon Pedersøn Beyer

(1528-1575). Teolog, lærar, forfattar og og historikar.

Jakob Gerhard Meidell sr.

(1686-1768) frå Telemark, busett i Aurland.

Torstein Lasseson Fretheim

(1698-1742) frå Flåm. Bonde og lensmann. Han samla alle bruka til ein storgard på Fretheim i Flåm, og var ættefar til folk som seinare både vart stortinsgsmenn og bygde hotell både på Fretheim og Vatnahalsen.

Hans Carsten Atche

(1708-1711) frå Lolland i Danmark, prest i Lærdal frå 1743-1757 etter at han nokre år hadde vore prest i Aurland. Atche kan vere den første som dyrka potet i Noreg - sjå: Første norske poteta i Lærdal?.

Torstein Guttormsen Fretheim

(1744–1831) frå Flåm. Bondeførar. Torstein var to gonger til Kongen i København – den eine gongen som talsmann for dei sognebøndene som kravde seg fritekne for militærteneste fordi dei hadde arbeid på Kongevegen i Lærdal. Torstein delte den store Fretheimsgarden mellom sønene Guttorm og Anders Fretheim.

Ole Aabel.

Ole Aabel

(1757-1852). Sokneprest i Aurland frå 1801 til 1849, då han var 82 år gamal!

Jon Ragnvaldson Ohnstad

(1785-1845) frå Onstad, busett i Undredal. Bonde, lensmann og politikar. Ohnstad var lensmann i Aurland, og var vararepresentant på Stortinget 1815-1816. Han møtte på Stortinget i 1815.

Peder Pedersøn Underdal

(1802-70)Kjend spelemann og slåttekomponist frå Undredal, kalla Store-vetle-Per.

Fredrik Christian Juell

(1804-1881) frå Flatdal, busett i Sogndal og Aurland. Jurist og politikar.

Nils Larsson Bakka

(1805–1917) frå Bakka, busett i USA. Farmar og politikar.

Jonas Wessel Crøger

(1807-1867) busett i Aurland. Prest og lærar.

Torstein Guttormsen Fretheim

(1808-1874) frå Flåm. Bonde og politikar.

Jens Larsen Drægelid

(1816-1900), var ein kjend ”sårlækjar” på 1800-talet.

Hans Johannes Brun

(1826-1886) frå Hermansverk, busett i Aurland. Handelsmann, hotellvert og politikar.

Ole Olson Berqvam

(1831–1909). Fehandlar som i 1872 kjøpte garden Falkenstein på Skei i Førde.

Jon Flom

f. 1841 i Aurland. Fehandlar som i 1872 kjøpte seg gard på Hafstad i Førde.

Torbjørn Horten

(1844-1927) frå Aurland. Lærar, haugianar og skulegrunnleggjar.

Peter Johan Fretheim

(1847-1923). Kjøpmann og skipskaptein.

Christen Fretheim

(1848-1916) frå Flåm. Bonde og hotelleigar.

Neste side:
· Kjende personar i Aurland


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no