|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Leikanger: Mange kyrkjer i mellomalderenUtanom den store steinkyrkja som i dag er soknekyrkje, låg det i mellomalderen tre andre kyrkjer i bygda - på Njøs, Henjum og Hamre. Alle desse var stavkyrkjer. Publisert 02.01.2003 15:19. Oppdatert 31.01.2003 12:21.Kyrkja på HenjumKyrkjetufta og kyrkjegarden på garden Henjum kunne påvisast så seint som kring 1900, og framleis vert eit område i tunet kalla "Kyrkjegarden". Denne kyrkja var til nedfalls på 1500-talet, og truleg lagt ned kring 1570.
Kyrkja på NjøsPå Njøs har ein datert beinrestar frå kyrkjegarden til før 1100, og kyrkjemuren kom til syne ved pløying i 1993. Njøs-kyrkja er nemnt i skriftlege kjelder frå 1306, og låg der Byglagarden no ligg. På Stoppelshaugen like ved stod klokkestøpulen (Stoppelen). Njøs-kyrkja hadde eigen prest som truleg også gjorde teneste i kyrkja på Henjum. Kyrkja på Njøs kom ut av bruk i første halvdel av 1600-talet.
Kyrkja på HamreKyrkja på Hamre med tilhøyrande prestegard lengst vest i bygda, vert nemnt første gong i 1360. Også her kunne ein lenge sjå merke etter kyrkjetufta i marka nedanfor gardshusa. Hamrekyrkja kom ut av bruk i siste halvdel av 1500-talet.
Sjå også: Offersteinar i Leikanger.
Segn om Valbrekka-kyrkjaOgså på den 100 meter høge knausen Valbrekka vest for Leikanger går det segner om ei kyrkje, men her finst ingen skriftleg dokumentasjon. Det er meir truleg at det har stått ei bygdeborg frå folkevandringstida på staden.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|