SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Milestolpar etter 1975


Publisert 16.12.2002 13:11. Oppdatert 19.10.2006 19:31.
Førre side:
· Milestolpar år 1950-1975

Milestolpar i fylkeskommunen etter år 1975:


1976

Ola M. Hestenes vert første fylkesordførar.
Fylkeskommunen vert omorganisert: Det vert innført direkte val til fylkesting (valet skjer hausten 1975), og fylket får eiga leiing med ein fylkesrådmann på toppen. Heretter vert fylkesmannen berre Statens øvste representant i fylket.
Valet er partipolitisk, men alle kommunane fylket får etter nyordninga representantar gjennom utjamningsmandat.
Første fylkesordførar etter den nye valordninga vert Ola M. Hestenes frå Senterpartiet.
Det første direkte valde fylkestinget får 37 representantar, samansett med 8 frå Arbeidarpartiet, 7 frå Senterpartiet, 6 frå Høgre, 5 frå Kristeleg Folkeparti, 2 frå Venstre, 2 frå Sosialistisk Venstreparti og 2 frå Det Liberale Folkepartiet. Dessutan får ei "Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane" - ei protestliste i samband med sjukehusstriden - 5 representantar. Denne lista er borte ved neste val i 1979.

1976

Jurist og jordskiftekandidat Odd Søfteland vert tilsett som første fylkesrådmann i Sogn og Fjordane. Han vert avløyst av statsvitaren Svein Lundevall i 1977. Han står stillinga til 1997, då han vert avløyst av sosialøkonomen Per Drageset.

Sminking ved Sogn og Fjordane Teater.

1977

Sogn og Fjordane Teater vert skipa og får base i Førdehuset. Fylkeskommunen er største eigar i teatret. Etter ein interimperiode og ein opprivande strid med dei tilsette om styringsform, vert skodespelar Anne Gullestad tilsett som første teatersjef i 1979.

Lidvin M. Osland var første fylkeskultursjef.

1978

Fylkeskommunen skipar eiga kulturavdeling med Lidvin M. Osland som første fylkeskultursjef.

1979

Sentralsjukehuset i Førde (Førde Sentralsjukehus frå 2002) vert teke i bruk. Med sine kring 1000 tilsette vert dette den klårt største offentlege arbeidsplassen i fylket. Ei eiga stifting byggjer ei mengd bustader for sjukehustilsette i det nye bustadfeltet Vieåsen like ved sentralsjukehuset. Høyanger sjukehus får status som avdeling under sentralsjukehuset.

1982

Fylket legg ned Høyanger sjukehus. Det vert omgjort til lokal sjukeheim.

1986

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane flyttar administrasjonen til Florø etter å ha halde til i Bergen i 128 år.

Fylkeshuset vart bygt i 1989.

1989

Fylkeskommunen byggjer Fylkeshuset på Hermansverk og samlar dermed sentraladministrasjonen sin under eitt tak - med unntak av kulturavdelinga, som vert verande i Førde.

1989

Fylket ved Sogn og Fjordane Energiverk (seinare Sogn og Fjordane Energi AS) regulerer Vetlefjordvassdraget i Balestrand og startar Mel kraftverk.

1990

Sentralsjukehuset i Førde (Førde Sentralsjukehus) vert utvida med psykiatrisk klinikk.

1991

Fylket byggjer Nordfjord Psykiatrisenter i tilknyting til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

1993

Det 7 mil lange Gaularvassdraget i Sunnfjord vert varig verna. Fylket eig fallrettane, og planla frå kring 1970 utbygging av store kraftverk langs heile vassdraget. Planen møtte sterk lokal og nasjonal motstand, og mot både fylkestinget og fleirtalet i kommunestyra i Gaular og Førde, vart vassdraget varig verna. I den same verneplanen vart også Naustdalsvassdraget (sjå: Kraftverka i Naustdal) og Gjengedalsvassdraget (sjå: Sogn og Fjordane Energi AS) teke med, men med svakare vern enn Gaula.

1994

Florø sjukehus vert omgjort til avdeling under sentralsjukehuset i Førde (Førde Sentralsjukehus).

1995

Fylket legg ned Langvin jordbruksskule (sjå: Mindresunde og Langvin jordbruksskular) i Nordfjord. Ei fylkesvald nemnd freistar å skape andre aktivitatar og inntekter til den store garden med alle bygningane.

2000

Sogn og Fjordane Energi AS tek i 2000 over det interkommunale selskapet Firdakraft.

2001I 2001 sel fylket 40 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi AS til BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap).

2001

Sjukehustenesta vert omorganisert ved at Staten tek over som eigar og drivar av sjukehusa med verknad frå 2002. Omorgansieringa skjer til sterke lokale protestar i Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane vert lagt under Helseregion Vest, Helse Vest, som omfattar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, med administrasjonssete i Stavanger. Sjukehusa i Sogn og Fjordane vert organiserte som ei eiga eining - Helse Førde - med eige styre og eiga dagleg leiing, plassert i Førde.
Sogn og Fjordane fylke sel 38,51 prosent av aksjane i SFE - Sogn og Fjordane Energi – til BKK – Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. BKK er m.a. dominerande kraftprodusent i Stølsheimen på sørsida av Sognefjorden, og har tidlegare kjøpt opp Gulakraft i Gulen kommune i 1996 og Høyanger Energiverk i 1999, samt skaffa seg 37,45 prosent eigardel i Sunnfjord Energi i 2000.

2002

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane slår seg saman med Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) til eitt konsern under namnet Nordvestlandske AS (NVL), som seinare får det omstridde namnet Fjord1 - Nordvestlandske. Dei andre selskapa i Fjord1-konsernet er Nordfjord og Sunnmøre Billag, Sogn Billag, Ottadalen Billag og Mørebil.
Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane og Møre og Romsdal fylkeskommune 41 prosent.
I 2002 har Fylkesbaatane 36 eigne farty og 500 tilsette.

2002

Ytre Fjordane Kraftlag - YFK går inn i Sogn og Fjordane Energi AS, der fylket er hovudaksjonær.

2004

Den regjeringsoppnemnde Distriktskommisjonen kjem med framlegg om at nye landsdelsregionar med folkevald styring skal avløyse fylkeskommunane frå 2010. Sogn og Fjordane skal etter dette gå inn i ein Vestlandsregion med langt over ein million innbyggjarar.

SFE-logo. Foto: Torje Bjellaas, NRK

2006

Eit knapt fleirtal i fylkestinget går inn for at ein skal sluttføre forhandlingane om å slå SFE og Sunnfjord Energi saman. BKK med hovudkontor i Bergen har store askjepostar i begge selskapa - sjå under 2001.


Hovudside:
· Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no