SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:
Pasientar på Høyanger sjukehus i 1947. Sjukehuset vart lagt ned i 1986. (Foto © Hydro)
Pasientar på Høyanger sjukehus i 1947. Sjukehuset vart lagt ned i 1986. (Foto © Hydro)

Sjukehusutbygginga i Sogn og Fjordane

Sjukehussak frå første stund

Ei av dei første sakene som fylkestinget i Sogn og Fjordane (sjå: Utvikling av folkevalde organ og administrasjon) skulle drøfte, var om ein skulle bygge eit eige sjukehus. Frå 1819 hadde det vore eit slags sjukehus for "radesyke" - dvs. folk med kjønnssjukdomar - i Sogndal.

Publisert 09.12.2002 15:23. Oppdatert 20.12.2002 08:54.
I 1838 drøfta fylkestinget nybygg. Fleire lokaliseringar vart nemnde: Bøfjorden og Leirvik i Sogn - Førde og Dalsfjorden i Sunnfjord.
Men etter tilråding frå fylkesmannen enda ein opp med eit vedtak om å sende pasientane til "Bergens civile Sygehus". Distriktsmotsetningane var alt då merkbare, og fylkesmannen valde å tilrå den "nøytrale" Bergens-løysinga!
Sjukehuset i Sogndal vart samstundes lagt ned. Ordførar Juell frå Sogndal gjorde i 1842 framlegg om å byggje eit nytt sjukehus i Sogn, men nådde ikkje fram.
Seinare skulle sjukehusstrid verte den brennande saka på fylkestinget fleire gonger i mellomkrigstida, og sjukehusstriden kring 1970 reiv mest fylket i filler.

Sjukehusstriden i 1928

Pleiar og ung pasient ved Nordfjord sjukehus i 1951. (© Norsk Film/NRK)
I 1928 blussa den første harde sjukehusstriden opp, då det vart lansert ein mengd lokaliseringsstader for utbygging av nye sjukehus. M.a. stod Leikanger sterkt som lokaliseringsstad for eit sjukehus i Sogn, og vart vedteke. Men i staden bygde Kyrkjebø kommune og NACO aluminiumsverk sitt eige Høyanger sjukehus, og i Nordfjord stilte millionæren William Henry Singer jr. som vilkår at Nordfjord sjukehus skulle byggast på Nordfjordeid før han bladde opp gåver i millionkassen. I Florø bygde ein vidare ut det tidlegare Røde Kors-sjukehuset til Florø sjukehus, og i Lærdal bygde ein vidare på ein tidlegare etablert tuberkuloseheim; Lærdal sjukehus.

Sjukehusstriden 1967–1972

I 1971 kom vedtaket om å byggje Førde sentralsjukehus. (Foto: NRK)
Då helsedirektør Karl Evang i eit brev til fylkestinget i 1967 på nytt bad om vurdering av sjukehusstrukturen med sikte på eitt sentralsjukehus og nedlegging av småsjukehusa, starta den bitre sjukehusstriden. Etter fleire års indre usemje om utbyggingsplan, vedtok regjeringa i 1971 bygging av sentralsjukehus i Førde (no Førde Sentralsjukehus) og nedlegging av alle fire lokalsjukehus og striden tok heilt av. Etter fakkeltog og masseutmeldingar av Arbeidarpartiet, modererte Ap-statsminister Trygve Bratteli vedtaket ved å yte støtte til modernisering og utbygging av lokalsjukehusa også. VSidan den gongen vart sjukehuset i Høyanger lagt ned i 1982, og sjukehuset i Florø vart omskipa til avdeling under sentralsjukehuset i 1994.

Frå 2001 overtok Staten alle helseinsitusjonane frå fylket og la dei under Helse Vest HF (helseføretak), med "fylkesavdeling" under Helse Førde RHF (regionalt helseføretak) for institusjonane i Sogn og Fjordane. Helse Førde RHF har eige styre og eigen direktør, plassert i Førde.

Sterk mobilisering mot tuberkulosen

Harastølen.
Men midt opp i all merksemd som dei harde sjukehusstridane i fylket har fått, er det lett å gløyme den store innsatsen som fylket gjorde i kampen mot folkesjukdomen tuberkulose tidleg på 1900-talet. Det var store statlege løyvingar som sette fart i denne prosessen. Frå 1911 til 1921 vart det bygt fire fylkeseigde tuberkulosesanatorier i Lærdal, Lavik, Askvoll og Sandane. Desse heimane, saman med det Vestlands-dekkande tuberkulosesjukehuset på Harastølen, hadde kapasitet til å ta imot mange hundre tæringssjuke pasientar. Ut på 1950-talet hadde ein fått tuberkulosen under kontroll m.a. med nye medisinar og vaksine, og dei gamle sanatoria fekk andre funksjonar i helsetenesta og eldreomsorga.

Sein satsing på psykiatrien

Den helserøkta som vart lengst forsømt i Sogn og Fjordane, var den psykiatriske helseomsorga. Langt fram på 1950-talet stod fylket utan noko form for eige psykiatrisk helsevern. Berre menneske som fekk alvorlege psykiatriske lidingar vart hjelpte. Dei "vart sende", som ein gjerne sa, til Nevengården eller andre psykiatriske institusjonar i Bergen.
Fylket bygde den første behandlingsheimen for psykisk sjuke - Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim - på Kyrkjebøstranda i 1956. Kring 1960 overtok fylket det nedlagde tuberkulosesjukehuset på Harastølen i Luster og dreiv det i mange år som psykiatrisk sjukeheim. I 1983 vart det oppretta psykiatrisk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, og i 1991 Nordfjord Psykiatrisenter. I 1990 vart nybygg for psykiatrisk klinikk like ved Førde Sentralsjukehus teken i bruk.

Førre side:
· Utvikling av folkevalde organ og administrasjon
Hovudside:
· Sogn og Fjordane fylke



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no