|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gulen: Steinmurane i Gulen | Mons E. Takle legg opp steingjerde på Midt-Takle kring 1915. (Foto © Fylkesarkivet) |
Eit særmerke ved byggeskikken i Gulen, er dei mange steinmura husa og steingjerda. Det var ikkje uvanleg å nytte gråstein som byggemateriale i t.d. løbygningar. Då brukte ein stein heilt opp under mønet. Slik vart også mange sjøbuer og naust bygde, og jamvel ein del bustadhus. Publisert 05.11.2002 13:21. Oppdatert 22.11.2002 21:47. | Eitt av dei mange steinmura husa i Gulen. (Foto: M.H. Sleire, NRK) |
Eit steinmura hus som vekte oppsikt vide omkring, var fjøset - "koestalden" - til Otte Olsson Byrknes på øya Koksøy. I 1778 hadde han bygt eit steinfjøs som målte 14 x 6 meter.
Kring Eivindvik kan ein enno sjå den enorme steinmuren på 2000 meter som prost Niels Griis Alstrup Dahl fekk lagt opp kring innmarka på prestegarden.
På garden Midtun i Eivindvik står framleis eit steinmura uthus frå 1885 som måler 20 x 9 meter og er 10 meter høgt. I huset er det berre nytta jordbroten stein - dvs. stein som ikkje er skoten ut i steinbrot.
Dugande murarar frå Gulen var også med på store muringsarbeid på m.a. jernbane- og kaianlegg andre stader i landet.
| Framleis er det mange hus i Gulen med steinmur på ein eller fleire veggar. (Foto: Magne Helge Sleire, NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|