SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gulen:

Knagenhjelm åtte ytre Sogn

Mykje av Ytre Sogn kom på Niels Tygesen Knag sine hender i 1710. (Foto © Fylkesarkivet)
Mykje av Ytre Sogn kom på Niels Tygesen Knag sine hender i 1710. (Foto © Fylkesarkivet)
På same vis som i Hyllestad (Offisersgarden i Leirvik) og Solund (Knagenhjelm i Solund), var store delar av Gulen på 1700-talet eigd av Knagenhjelm-slekta på Kaupanger.

Publisert 01.11.2002 11:15. Oppdatert 10.06.2003 10:21.
Desse eigedomane kom i slekta sine hender då lagmann Niels Tygesen Knag i 1710 kjøpte setegardane Kaupanger og Stedje i Sogndal, og jordegodset som tidlegare hadde høyrt til Losna-ætta i ytre Sogn.

Andre hadde samla godset

Men før Niels Knag vart eigar, var "samlarjobben" gjort av andre:
Lensherren til Lister, adelsmannen Iffuer (Iver) Wind, kjøpte tidlegare norske bispegods frå den dansk-norske kongen som var komen i pengenaud etter mange krigar. Dottera til Iffuer Wind, Karen, arva foreldra sitt jordegods, som m.a. omfatta setegardane Kaupanger og Stedje, og eigedomane etter Losna-ætta. Karen Wind vart gift med krigskomissær Preben von Ahnen til Bodøgaard.
Sonen og arvingen deira, Iffuer von Ahnen, vart barnlaus, og i 1710 selde han jordeigedomane sine i Sogn til lagmann i Bergen, Niels Knag.

Knag blir Knagenhielm

Niels Knag vart adla i 1721 under namnet Knagenhielm. Niels Knagenhielm budde sjølv i Bergen, og styrde eigedomane sine i Sogn med "forstandar". Det vart m.a. denne si oppgåve å krevje inn landskylda frå gardbrukarane kringom på Knagenhjelm-godset.

Gjennom kjøp og fiffige giftarmål mellom Knagenhjelm'ar og andre fornemme familiar, gjekk mykje av desse eigedomane i tiåra som fylgde m.a. innom futen Hans Blix som budde på Flesje i Balestrand, svigersonen hans, futen Peder Leganger (sjå: Kjende personar i Balestrand fødde før 1850), og prosten Anders Daae i Vik.

Trådar til Svanøy-godset

Utanom dei store eigedomane i nordre luten av kommunen som vart kontrollerte av Knagenhjelm, var det andre jordeigarar med tilknyting til adelsgodset på Svanøy som hadde kontroll over mange gardar i den søre luten av Gulen. Ein av desse var stiftskrivar Severin (Seehusen) de Svanenhielm i Bergen. Seehusen kjøpte i 1719 Svanøy-godset og vart adla med namnet "de Svanenhielm". Men han levde over evne, og i 1726 vart både Svanøygodset og resten av det han åtte selt på tvangsauksjon. I Gulen var det då mange brukarar som nytta høvet til å kjøpe seg fri og verte sjølveigarar.

Lem-slekta jordeigarar

Elles finn ein også at kjøpmannslekta Lem i Bergen - som også hadde ei grein til godset på Frønningen i indre Sogn - var stor jordeigar i delar av Gulen tidleg på 1700-talet. M.a. bytte Elsebe Urdahl, enkja etter Søren Lem, til seg gardane Sellevåg, Lund og øyværet Kversøy i Gulen mot at den tidlegare eigaren, rector Eric Møinichen, fekk hand om ei oppgangssag på Lem-folket sitt Frønningen-gods.

Andre som forsynte seg med mykje jord i Gulen, var prestane i Eivindvik - sjå: Eivindvik prestegard.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no