SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gulen:

Eivindvik prestegard

Eivindvik og Gulen kyrkje. (Foto: NRK)
Eivindvik og Gulen kyrkje. (Foto: NRK)
Den gamle prestegarden i Eivindvik var ein storgard som strekte seg frå Dingja i nord til Flolid i aust, og er nemnt som prestegard i 1327.

Publisert 01.11.2002 10:41. Oppdatert 22.11.2002 21:47.
Ved ein takst i 1706 vert det talt opp 15 hus i tunet, og fleire av dei er tenarbustader. Prestane som budde her, hadde elles inntekter frå ei mengd gardar både i Eivindvik sokn og i kyrkjesokna Utvær (Solund), Bø i Hyllestad og i Brekke.

Enkjesete og mønsterhus

Alstrup Dahl fekk bygt Herresalen. (Foto: NRK)
I 1726 vart garden Gryta nord for Eivindvik enkjesete - dvs. ein gard som presteenkjer kunne bu på og leve av etter at ektemaken var død. Gryta var enkjesete fram til 1854.
I 1742 fekk Eivindvik-presten assistanse av ein kapellan. Kapellanen fekk utskilt Vesetvik som gard for seg sjølv. Frå 1787 vart Fonnevik på andre sida av Prestesundet ved Eivindvik bustad for kapellanane. Her budde m.a. Niels Griis Alstrup Dahl som kapellan frå 1804 til 1809 - før han vart sokneprest - og bygde m.a. huset som framleis står der. Dette ynskte opplysningspresten Dahl skulle verte eit mønsterhus for korleis bustadhus for folk flest skulle innreiast.

Sogene om prestane i Eivindvik er mange og fargerike:

Presten vart stum

Størk Thomæsøn vart prest mellom 1637 og 1663. I 1653 kollsiglde han, og tre av skysskarane kom bort. Han sjølv berga seg etter eit døgn på kvelvet, men då hadde han vorte så kald og redd att han hadde mist både munn og mæle. Den stumme presten måtte difor ha vikarprest som kunne halde preikene for seg i tre år til han sjølv hadde fått tilbake talegåvene.

Prestestøtte til synda

I 1675 ville presten Troels Sørensen Glad betale bota for to av tenestefolka sine fordi dei vart oppdaga i "ulovleg ærend" i høystålet. Men futen nekta: Dei kåte syndarane måtte gjere opp for seg sjølve, og ikkje få pengestøtte frå presten etter slike syndige gleder!

Abraham lever!

Nicolai Stabel, sokneprest frå 1705-1726, dreiv streng kyrkjetukt: Han viste m.a. bort tre små sysken fordi dei ikkje kunne Fadervår utanat, og nekta dei å kome inn att i kyrkja før dei kunne bøna på rams.
Særleg ille gjekk det med ei jente frå Storenes då ho skulle overhøyrast av Stabel i Eivindvik-kyrkja.
Presten spurde: Lever Abraham? Frå jenta kom det eit klårt og tydeleg "Ja!" Ho tenkte nok på ein heilt annan Abraham enn den gamaltestamentlege Abraham som presten hadde i tankane. Då vart presten så arg at han sende henne heim på flekken.
Men like etter døydde den uheldige jenta. Dette tok Stabel seg så nær av at han aldri sidan jaga nokon heim att fordi dei ikkje kunne leksa til konfirmasjonen.

Kyrkja i Eivindvik i 1930-åra. (©Fylkesarkivet)

Ølhandel ved kyrkja

Folk som lurte seg til å selje øl kring kyrkja i Eivindvik, vart kjeppjaga og stemnde for retten av presten. Elles kjøpte Stabell opp ei mengd gardar i Gulen og i andre bygder i ytre Sogn.

Gravlagd under altaret

Sokneprest Tomas Sommer, prest frå 1734 til 1769, måtte vere særs glad kona si, for då ho døydde i 1744, fekk han henne gravlagd under altaret i Eivindvik-kyrkja.

Vegprest

Stephan Dresing prest frå 1769 til 1792 - utarbeidde den første vegplanen i Gulen. Vegane skulle gå nord- og sørover frå Gulenfjorden og gjere det mogeleg å kunne ferdast frå Brekke ved Sognefjorden til Masfjorden utan å bruke båt. Dresing vart også ein stort jordeigar.

Niels Griis Alstrup Dahl

Men den soknepresten som har sett dei største merka etter seg, både i Gulen og elles i ytre Sogn, er Niels Griis Alstrup Dahl.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no