SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gulen:

Handels- og gjestgjevarstaden Sygnefest

Sygnefest i 1947. (Foto © Fylkesarkivet)
Sygnefest i 1947. (Foto © Fylkesarkivet)
Ved innløpet til Sognefjorden ligg Sygnefest, der siglande folk snakka om eit "vindskifte" mellom sjølve Sognefjorden og det opnare havstykket utanfor. Austakulingen kunne stå i vekesvis ut Sognefjorden, og jekter på veg innover hadde berre å leggje seg til på Sygnefest og vente på høveleg bør. Det hende at jektene låg verfaste i Sygnefest i sju veker.

Publisert 21.10.2002 15:19. Oppdatert 15.11.2002 09:46.
Ingebrigt Sognefest eigde sjølv jekta "Karoline", som var kjend som ein skarpseglar. Ein gong kasta han loss frå Bergen samstundes med rutebåten. Då dampbåten var framme i Sygnefest, tok Ingebrigt imot den som ekspeditør! Ein annan gong sigla same jekta Sygnefest-Årdal på 12 timar.

Tuskhandel kring kyrkja

Alt kring 1670 var det ein kar som dreiv ein slags handel på Sygnefest, for i 1675 vart ein husmann jaga frå staden etter å ha vorte klaga av kremmarane i Skjerjehamn og Glavær fordi han gjekk dei i næringa med handel til dei reisande. Frå tidleg på 1700-talet var det også eit gjestgiveri på Sygnefest.

I 1739 var staden bygt så mykje ut at det vart halde ting på Sygnefest, og då vart det rådd til at det vart skipa gjestgiveri både der og på Handelsstaden Værholmen vest for Lavik, på nordsida av Sognefjorden.

I 1765 skøyter gjestgjevaren Arne Gullakson staden over til Zakarias Svabø, og i 1767 tek Åmund Mathiasson frå Jostedalen over. Han fylgjer opp "tradisjonen" som vi kjenner frå gjestgiveria i Glavær og Skjerjehamn: Han skøytte på inntekta med å selje øl kring kyrkja i Eivindvik på kyrkjesundag, og får bot for det.

Konebrev på handelen

Då Åmund Mathiasson døydde, fekk enkja Sidselle i 1778 kongebrev på at ho kunne drive gjestgiveri og handel med tobakk på Sygnefest. Ho dreiv staden fram til 1804 saman med borna sine Lars og Anna. Då kom Johannes Larsson Gloppe frå Solund som eigar. Han hadde tidlegare truleg vore handelsbetjent på Handelsstaden Gåsvær i Solund.

Drepen med vedskie

Johannes Gloppe vart slegen i hjel med ei vedaskide i 1822: Ombord på ei jekt som låg
til ankers ved Sygnefest var det einkvan som hadde fyrt opp i omnen. Dette var strengt forbode på grunn av brannfåren når jektene låg jamsides i ei hamn. Johannes sprang til og sløkkte elden med ei bøtte sjøvatn. Då rauk ein illsint kar frå jektemannskapet på han og slo han så tungt med ei vedskie at Johannes vart drepen.

Første jordmora i ytre Sogn

Ei av døtrene til Johannes Gloppe, Ingeborg Marianne, gifta seg med Peder Davidson Svabø frå Indre Kroken i Luster. Han hadde ei tid drive ein skrantande landhandel i heimbygda før han flytta til Sygnefest.
I 1828 vart Ingeborg Marianne Svabø den første jordmora i ytre Sogn. Det var opplysningespresten Niels Griis Alstrup Dahl som fekk henne på jordmorskule i Oslo. Ho gjorde teneste som jordmor til 1844. Men i Sogn som elles i landet, vart den nymotens jordmortenesta møtt med mistru fordi det braut med gamle skikkar kring fødsel.
Ingeborg hadde det heller ikkje godt heime, for å 1939 vart ektemannen dømd til tukthus i 10 år for å ha mishandla kona.
Peder Svabø var både brutal og drikkfeldig, og i 1834 måtte han selje Sygnefest. Etter at han hadde sona straffa, levde dei resten av livet i eit lite hus på Sygnefest "på forsorg" av fattigstyret.

Gjestgiveriet avvikla

Den som kjøpte Sygnefest av Svabø i 1834, var bergensaren Lars Antoniussen, som ei tid hadde drive handel på Husøy i Solund kommune. No skøytte han Sygnefest over på svigersonen Mons Andersson Steinsund, som dreiv gjestgiveriet og handelen fram til 1873. Ein annan som hadde odelsrett til Sygnefest på denne tida, var notbas Andreas Monsson Sygnefest, men han var fråhaldsmann og ville ikkje ta over eigedomen fordi det var skjenking der. Etter 1897 har det ikkje vore gjestgiveri på Sygnefest, for no var Fylkesbaatane i jamn drift, og ferdafolk hadde ikkje trong for å overnatte.

Brann og nedlegging

Ingebrigt Søreide (1845-1930) frå Kyrkjebø var eigar av Sygnefest frå 1877. Han eigde også jekter og var skipper. I 1886 vart han postopnar, og i 1890 bygde han kai slik at rutebåtane kunne leggje til i staden for å bli borda ute på vika.
Same året brann heile handelsstaden på Sygnefest ned. Søreide bygde då m.a. opp att eit stort toetasjes hus det der var plass som både landhandel og gjestgiveri. Dette huset stod til det brann ned i 1961. Sonen Hans Ingebrigtsson Søreide tok over på Sygnefest i 1918 og dreiv staden fram til han drukna i 1936. Familien flytta då til Eivindvik, og overlet eigedomen til Johan Ingebrigtsson Sognefest, som dreiv forretninga fram til 1951, då den vart lagt ned.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no