Handelsstad og knutepunkt
Få stader i Sogn og Fjordane har vore så sterkt prega av endringar i kommunikasjons-mønsteret som Skjerjehamn: I dag ligg staden einbølt til, utan faste rutesamband. Men heilt fram til 1950-talet var Skjerjehamn eit av dei viktigaste knutepunkta i samferdsla i Sogn og Fjordane. Her var det at Fylkesbaatane sine ruter mellom Sogn og Nordfjord korresponderte, og den lune hamna like sør for Sognesjøen var ei av dei viktigaste jektehamnene på Vestlands-kysten.
|
Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK. |
Den sentrale plasseringa ved seglingsleia gjorde at Skjerjehamn vart ein naturleg stad å starte med handel, kro og overnatting. Her var det også skysskifte.
|
I dette staselege huset i Skjerjehamn var det hotelldrift. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK. |
Ingeborg Møhlen måtte låne dugeleg mykje pengar. For å dekkje renter og avdrag, sende ho to karar ein sundag til Eivindvik for å selje brennevin på gauk når folk kom ut ifrå preika.
For å få slutt på både gaukehandelen kring kyrkja i Eivindvik og alt som fylgde med brennevinsbula i Skjerjehamn, kjøpte sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl like godt heile staden i 1840.
|
Skjerjehamn i 1899. (©Fylkesarkivet) |
Sjølv om Skjerjehamn hadde vore fast hamn for jekter og andre skip som sigla langs kysten, så var det rutebåtane som kom til å setje Skjerjehamn på kommunikasjonskartet frå kring 1850 og dei komande 100 åra, då dampbåtrutene dominerte ruteferdsla på Vestlandet.
Otto overlevde ei ulukke der han mista m.a. faren, og blei ein stor handelsmann i Skjerjehamn då han tok over eigedomen etter mora Sara i 1880.
Otto Schreuder bygde trelastlager, og staden fekk både postopneri, telegraf og seinare rikstelefon. Schreuder dreiv også ein meteorologisk stasjon, skaffa seg motorbåt, og dreiv rekefiske og eksport av hummar.
Den økonomiske krisa på 1930-talet råka også Skjerjehamn, og ut over 1930-talet tapte Skjerjehamn si betydning som trafikknutepunkt.
|
Ola Braanaas (t.h.) har kjøpt Skjerjehamn og fått sett opp ein statue av Kong Olav der. Til v. kunstnaren Knut Steen. Foto: Torbjørn Fardal, NRK. |
Ny og kongeleg tid for Skjerjehamn
I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas Skjerjehamn, og han byggjer staden om for kring 20 millionar kroner til reiselivsverksemd for båtturisme, overnatting og kursstad. Han har kjøpt ein stor statue av Kong Olav som Oslo ikkje ville ha og fått sett den opp i skjerjehamn med kunstnaren Knut Steen si velsigning.
|
Statuen av Kong Olav skulle ha stått i Oslo, men hovudstaden ville ikkje ha den. No står den i Skjerjehamn. Foto: Torbjørn Fardal, NRK |