Den første faste skulen ved Eivindvik heldt til i Fonnevika.
På Haveland
i Nordgulen vart det bygt skulehus i 1865. Det brann i 1878 og vart erstatta med nytt. Skulekrinsen vart lagt ned då vegen til Eivindvik kom i 1966 og elevane vart skyssa dit.
På Kjellevoll
(Dalsøyra) vart det bygt skulehus i 1866.
Byrknes
fekk skulehus i 1876. Nytt skulehus vart bygt i 1940, og utvida i 1968 og 1976.
|
Byrknes skule. (Foto: Steinar Lote, NRK) |
Målføret i skulen
Nynorsk vart innført i skulen Brekke kommune i 1902. I 1991 var nynorsk innført i alle skulekrinsar i Gulen kommune.
Oppedal
I 1903 fekk Indre og Ytre Oppedal eige skulehus, og i 1918 leikeplass.
På Hjartås på Hisøy
vart det bygt felles skulehus for heile øya i 1910.
Dingen, Verkland og Ynnesdal
fekk skulehus i 1912.
Mjømna
fekk eige skulehus i 1914.
Lyngnes/Rise
fekk skulehus i 1918.
På Eide
vart det bygt skulehus i 1920.
Skulehuset på Ytre Takle
for Takle, Botnen og Indre Hjartholm vart bygd i 1922.
Småvågane
I 1923 vart det bygt skulehus i Småvågane for krinsen på Strendene. Det gamle skulehuset på Dalsøyra vart flytta dit. Skulen der vart lagt ned kring 1950, og borna flytta til Eivindvik skule.
Dei vestlegaste bygdene
i tidlegare Brekke kommune; Breivik, Bålen og Ytre Hjartholm vart eigen skulekrins i 1925. Dei delte lærar med Ynnesdal og Wergeland krins den første tida.
Skulehuset i Fivelsdal
for grendene langs Brandangersundet vart bygt i 1925.
Ånneland
fekk skulehus i 1927.
I grenda Vedvik
ved Eidsfjorden var det skule til 1950.
Bremnes
fekk skulehus i 1950.
Sandøy
Sande og dei andre gardane på sørspissen av Sandøy fekk eige skulehus i 1959. Før det hadde skulen halde til i privathus.
Skular i Gulen i 2002:
Brekke skule 1.-10. klasse 96 elevar (1.-9. klasse 1971-1997)
Byrknes skule 1.-10. klasse 84 elevar (1.-9. klasse 1973-1997)
Dalsøyra skule 1.-10. klasse 102 elevar (1.-9. klasse 1973-1997)
Eivindvik skule 1.-10. klasse 93 elevar (1.-9. klasse 1971-1997)
|
Eivindvik skule. (Foto: Steinar Lote, NRK) |