SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kommunehistorikken i Gulen:

Kommunen blir Gulen

Møte i kommunestyret i Gulen. (Foto: NRK)
Møte i kommunestyret i Gulen. (Foto: NRK)

Utvær skiljer lag med Gulen i 1854

Dei sørlege øyane i Solund høyrde frå gamalt til Utvær kyrkjesokn - seinare Husøy kyrkjesokn.

Publisert 16.10.2002 14:32. Oppdatert 15.11.2002 13:11.
På 1800-talet var det godt sildefiske og stor aktivitet i Solund. Dessutan var det tungvint for sulingane å bli administrerte frå Eivindvik. Sulingane vann difor fram med kravet om å skilje ut Utvær/Husøy som eigen kommune i 1854, men hadde likevel felles skulestell og fattigstell saman med Gulen heilt fram til 1893.

Den einaste øya på nordsida av Sognesjøen som framleis ynskte å halde fast ved sambandet med Gulen, var Losna, lengst inne mot fastlandet. Losna vart høyrande til Gulen kommune heilt fram til 1964.

Kommunen tek Gulen som namn

Det som no var att av den gamle storkommunen, var øyar og dei vestlege bygdene som høyrde til Eivindvik kyrkjesokn.
I nasjonalreisingstida på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det mange kommunar som kvitta seg med dei gamle kommunenamna som var knytte til den kyrkjelege ordninga med prestegjeld. I staden henta dei fram gamle, norrøne stadnamn. Såleis vart "Ytre Holmedal" og "Indre Holmedal" kommunar i Sunnfjord til Fjaler og Gaular kommunar i 1911.

I 1890 endra Det kgl. Finans- og Tolddepartement kommunenamnet frå Evenvig til Gulen, trass i at kommunestyret gjekk samrøystes imot namneendringa.
Nynorsk vart administrasjonsmål i Brekke i 1899 og i Gulen i 1911.

Spenningar og bygdestrid i indre

I den indre luten bygde det seg også etter kvart opp spenningar mellom nord- og sørsida i Lavik kommune - særleg etter at Bøfjorden og Leirvik gjekk til Hyllestad kommune i 1861. Etter denne frådelinga, vart det brått jamvekt i folketal mellom sør- og nordsida - ein situasjon som lett innbyr til kappestrid. Heilt frå starten var det is på ruta: Så lenge ekteskapet varte, hadde sokna på sør-og nordsida kvart sitt budsjett for skule, kyrkje og fattigstel. Også vegprioriteringane skapte bitter strid.

Sparebank-striden

Striden kring sparebankplasseringa på slutten av 1800-talet illustrerer usemja i den gamle Lavik kommune:
Banken vart skipa i 1882 med namnet Lavik Sparebank. Heilt frå skipinga var det tydeleg at ein kompromissa: Den fekk namn etter Lavik, men hadde einaste kontoret sitt i Brekke. I 1893 tvinga nordsida sparebankkontoret over til Lavik. Men sørsida gav seg ikkje. I 1901 fekk dei overtaket att, og fekk kontoret tilbake til Brekke, og nordsida furta med å starte eigen privatbank.
Når vi veit at det som oftast var dei same karane som i dei dagar rådde med styre og stell både i bankvesen og kommunestyre, er det lett å skjøne at bankkonflikten også farga av i kommunestyringa.

Neste side:
· Brekke eigen kommune att i 1904
Førre side:
· Brekke frå og til


MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no