SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Fjaler fødde før år 1800

Omtalene er ordna etter fødselsår:

Publisert 18.09.2002 15:32. Oppdatert 24.09.2002 15:28.

Laurits Skjøt

d. 1608. Fut i Sunnfjord med bustad på Fure og Svanøy.

Peder Due

f. 1622. Fut i Sunnfjord med bustad på Fure og Svanøy.

Christian Nilsen Holberg

(ca. 1622 - 1686) stamma frå Skogn i Trøndelag, busett i Bergen. Offiser.

Nils Busch

d. 1645. Fut i Sunnfjord som m.a. budde i Flekke frå 1625 til ca. 1645, og dreiv stort sagbruk i Harefossen i Flekkevassdraget.

Herloff Hanssen

(ca. 1609 - ca. 1710). Gardbrukar på garden Øye ovanfor Myklebustvatnet. Ikkje berre var Herlof seigliva, men måtte også vere uvanleg sprek: I ein alder av 89 år gifta han seg opp att! Dette kan vere eldste brudgomen i fylket. Den eldste brura finn vi i Hyllestad: Då bondekona Rangele Lassedotter Varlid gifta seg for tredje gong, var ho 80 år gamal!

Johan Adam de Rochlenge

(1651 - ca. 1717). Oberstløytnant, fødd i Frankrike.

Gerhard C. Munthe

d. 1729, fødd på Flahamar i Luster, busett i Hellevik. Offiser og jordeigar.

Hendrich Finde

d. 1771, frå Hellevik. Jordeigar. Eigar og busett på garden Hellevik frå 1755.

Trude Christenson Nitter

(1698-1778) frå Solvorn, busett på Tysse. Offiser og gardbrukar.

Hendrich Nitter

(1728-1802) frå Tysse. Jordeigar.

Hans Arentz

(1731-1793). Sorenskrivar, busett i Dale.

Simon Anderson Håland

(1749-1830) frå Håland. Bonde og vegbyggjar. Han var kjend som ein dyktig murar, og då Den Trondhjemske Postvei mellom Dale og Leirvik vart bygt på slutten av 1700-talet, leia han m.a. bygging av steinbrua over elva ved Håland (sjå: Skysstasjonen og handelsstaden Tross). Denne brua står den dag i dag.

Nils L. Landmark

(1775-1859) fødd i Oslo, busett på Tysse. Sorenskrivar, politikar og jordbrukspionér.

Nicolay Niels Nikolai Nielsen

(1777-1854) frå Danmark, busett i Fjaler og Eid. Prest og Eidsvolls-mann i 1814.

Peder Botolvson Berge

(1778-1809) frå Dale. Gardbrukar og soldat, som fall ved Kongsvinger i 1809 i krigen mot svenskane.

Anna Madsdtr. Rakneberg

(1794-1900) frå Dale. Bondekone på Rakneberg, og er ein av dei eldste som har levd i Sunnfjord.

Bertel Vonen

(1799–1868) frå Vonen i Naustdal. Korpssmed og politikar.

Neste side:
· Kjende personar i Fjaler fødde år 1800-1850
Hovudside:
· Kjende personar i Fjaler


MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no