Den tyske okkupasjonsmakta bygde to av dei sterkaste kystforta i Sogn og Fjordane på Lammetun ved Lutelandet og på Fure ved innløpet til Dalsfjorden. På Lammetun starta anleggsarbeidet i oktober 1941. Her fekk dei tre familiane beskjed om å flytte frå øya innan fem dagar.
Tidleg på våren i 1942 hende det same på Fureneset og Fure. Her vart over 50 menneske tvangsflytta frå gardane sine og måtte resten av krigen bu lengre inne i Dalsfjorden.
Deportasjonsplan for alt kystfolket
Men noko som folk i ytre Sunnfjord ikkje visste før krigen var over, var at tyskarane ei tid hadde planar om deportasjon av eit langt større omfang enn tvangsflyttinga kring dei nye kanonfestningane:
Etter opprullinga i Telavåg på Sotra våren 1942 rekte ein trådane til Bulandet, Værlandet og Grytøyra og arresterte mykje folk der (sjå:
Massearrestasjonen på øyane). På Grytøyra vart kjøpmann Ole Skaar (f. 1884) og sonen Anders (f. 1911) arresterte av Gestapo. Dei vart hardt torturerte og vart haldne som fangar på Ulven, Grini og Bardufoss det meste av tida til krigen var slutt. Også motstandsfolk i Vågsøy og Eid vart arresterte etter Telavåg-affæren. – Les meir om desse og det som hende i Bulandet/Værlandet under
Krigshistoria i Askvoll,
Krigshistoria i Vågsøy og
Krigshistoria i Eid.
Etter denne razziaen rådde øvstkommanderande for Vestlandet til at så godt som alt folk frå og med Florø i nord til Sognefjorden i sør skulle tvangsflyttast til Austlandet. Flyttinga skulle gjelde alle som ikkje sympatiserte med tyskarane. Tilrådinga vart send til Reichkommissar Josef Terboven, men vart ikkje gjennomført.