Heilt fram til 1836 var det berre to distriktslegar i fylket – ein for Sogn og ein for Fjordane.
Sjukestover for kolera
I 1849 sette distriktslege
Lars Stub Heiberg Landmark fram krav om at det vart bygt offentlege sjukestover både i Dale og Holmedal for å huse kolerasjuke. På den tida gjekk det harde koleraepidemiar som m.a. tok over 600 menneske i Bergen i 1848. I Holmedal leigde kommunen ei tid eit hus for å isolere og pleie kolerasjuke. Siste året det vart registrert koleradøde i Fjaler er 1852, då det strauk med fire menneske.
Skarlagensfeber og kikhoste
Skarlagensfeber var ein annan sjukdom som tok mange liv i gamle dagar. I ei hard farsott i 1873 døydde 15 born i kommunen. Mange born døydde også av kikhoste. I 1846 døydde sju born i Fjaler av sjukdomen.
Færre spedalske
Medan områda frå Kinn til Førde var det distriktet i landet som var sterkast heimsøkt av den frykta spillsykja (spedalske) på 1800-talet, let det til at Fjaler kom lettare frå det. I 1849 vart det registert 13 spedalske i Fjaler, medan Førde/Naustdal hadde 90 og Kinn 72 spedalske. I åra frå 1849 til 1884 døydde 35 menneske av spillsykje i Fjaler.
Tuberkulose
Tuberkulosen (tæring) avløyste spillsykja som den store folkepesten på slutten av 1800-talet: I åra frå 1887 til 1904 døydde 95 personar i Fjaler kommune av tuberkulose. I 1912 bygde fylket det første tuberkulosesanatoriet sitt i Askvoll. Seinare kom det fylkeskommunale tuberkulosesjukehus på Sandane, Lærdal og i Lavik. I tilleg dreiv St. Jørgen Stiftelse i Bergen det kjempestore sanatoriet sitt på
Lyster Sanatorium - Harastølen i Luster. Då Fjaler helselag vart skipa i 1915, vart kampen mot tuberkulosen den viktigaste oppgåva. Laget finansierte utdanninga og tilsette eiga sjukesøster i 1922.
Fjaler Helsetun
i Dale vart opna i 1972. Det var
Oddleif Fagerheim som i 1966 tok opp tanken om å få reist eit helsetun på Yksnebjør etter modell frå eit liknande helsesenter som nyleg var reist i Årdal. Same året vedtok Fjaler helselag å stå for bygging og drift av helsetunet. Dei hadde i mange år arbeidd for å få ei sjukestove i bygda. Etter ein innsamlingsaksjon kunne helselaget skyte inn 500.000 kroner i eigenkapital i anlegget. Bygget er teikna av arkitekt Olav Hovland frå Dale.
|
Daglegstova i Fjaler Helsetun |