Alt i 1900 fekk Dale Kloggfabrik (sjå:
A/S Jarl Skofabrikk) installert eit lite kraftaggregat. I 1906 vart det bygt kraftverk i Gjølangerelva, Hellevik gard fekk kraftverk i 1912, og det vart også bygt små kraftverk ved Lillingstonheimen på Tysse og ved Loneelva ovanfor Hellevik.
Dale Sogns Elektricitetsverk
Dale Sogns Elektricitetsverk vart skipa i 1916. Ei "fossenemnd" som arbeidde for lokal kraftforsyning, fekk handgjeve fallrettane i Hålandsfossen alt i 1912, og fossen vart kjøpt av soknestyret i 1915 for 6000 kroner. Då var også aluminiumsverket i Stongfjorden (
British Aluminium Company ) interessert i å kjøpe fossen, men fekk ikkje tilslaget. Kraftverket i Hålandsfossen kom ikkje i drift før i 1918 fordi det i krigstida var vanskar med å få maskiner og utstyr frå Tyskland. Dette kraftverket hadde berre kapasitet til å forsyne Dale og Flekke.
Fjalerkraft
Dale Sogns Elektricitetsverk vart omskipa til Fjalerkraft i 1952, og kraftstasjonen i Hålandsfossen vart mykje utvida i 1955. Under Fjalerkraft sorterte teknisk også fem lokale kraftlag, men dei var økonomisk sjølvstendige. Vest med fjorden hadde ein Sørsida Kraftlag (ved Flekkefjorden), Hellevik og Gjølanger Kraftlag, og Våge og Fure Kraftlag.
Kraft frå Svultingen
Fjaler kommune gjekk i 1939 inn i det interkommunale selskapet
L/L Svultingen som skulle byggje ut kraftstasjonar i Svultingen-vassdraget ved Leirvik. Alt frå 1941 fekk Dale straum frå Svultingen. I Hellevik og Gjølanger fekk ein straum frå Svultingen i 1947-1948, og Fure og Våge nokre år seinare.
Den siste garden som fekk straum i Fjaler kommune var Solbø i 1961.
Inn i YSSE
Fjalerkraft gjekk i 1984 inn i samarbeidet YSSE - Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk, som tok over drifta av kraftverket i Hålandsfossen og i kraftstasjonen i Tveit i Hyllestad. YSSE hadde hovudkontor i Dale fram til YSSE i 1996 gjekk inn i Sunnfjord Energi (
Førde kommunale kraftverk).