På garden Hellevik vest i kommunen budde det på 1700-talet rikfolk frå Munthe-slekta og Finde-slekta.
På 1600-talet var garden ein del av adelsætta Rosenkrantz sitt gods, men kom så i eiga til den rike presten
Anders Grytten i Holmedal. Enkja etter han - Maren Munthe Grytten, budde i Hellevik frå 1697 til 1706.
I 1706 selde Maren Munthe Grytten garden Hellevik til systersonen, oberstløytnant
Gerhard C. Munthe. Han var sonen til Sogna-futen
Christopher Giertsen som då budde på Flahamar i Luster. Munthe-namnet kom inn frå morssida: Mora var Birgitte Munthe, dotter til Bergens-bispen Ludwig Munthe.
På same vis som tanta Maren hadde gjort, så dreiv
Gerhard C. Munthe garden i Hellevik med paktarhjelp og tenarar. Sjølv var han mykje ute i krigsteneste. Han var m.a. offiser i den store nordiske krigen. Då mykje av eigedomane under
Svanøy-godset vart selt i 1726, fekk Munthe hand om store jordeigedomar i Sunnfjord (sjå også om
Hendrich Nitter på Tysse-garden).
Selde godset
|
Ludvig Holberg måla av Aleander Roslin på 1740-talet. |
I 1732 selde Munthe-folket Hellevik, og i åra etter mykje av godset sitt i Sunnfjord. Mange gardar frå Munthe-slekta kom i hendene på presten i Nykirken i Bergen, magister Fredrik Holberg. Han var bror til diktaren Ludvig Holberg. Faren til Fredrik og Ludvig -
Christian Nilsen Holberg - hadde hadde nokre år tidlegare fått god oversikt over Sunnfjord då han var sjef for Søndfiordske Compangnie på Dingemoen i Dale.