Drivkreftene i dette selskapet var distriktslege
Lars Stub Heiberg Landmark, bonde
Ola Mathiasson Bakke og sakførar Johan Peter Gram Wettergren (far til
Thora Wettergren).
Dei første tre åra heldt banken til i den gamle tingstova i Dale og var open nokre timar kvar fredag. Frå 1876 til 1895 heldt kjøpmann
Wilken Nitter hus for banken i privathuset sitt på Yksnebjør.
I 1895 vart det første kommunehuset i Dale bygd. Banken finansierte det meste, og vart også leigetakar fram til sparebanken bygde eige hus i 1923. Dette huset vart brukt som bank til 1969, då Fjaler Sparebank flytta inn i nybygg.
Fjaler Sparebank hadde frå 1914 også kontordagar i Holmedal på nordsida. Filialen i Holmedal er framleis i drift i 2002, med opning ein dag i veka.
Banken opna avdelingskontor i Bergen i 2005.
Fjaler Sparebank har 20 tilsette og ein forvaltningskapital på rundt ein milliard kroner.
|
Banken bygde nytt hus i 1969. (Foto: Arild Nybø, NRK) |