Alt tidleg på 1500-talet hadde bygdene i Fjaler fleire oppgangssager som leverte tømmer og bord m.a. til Bergen.
- gruvedrift i fleire bolkar etter titan i Saurdalen ved Hellevik.
Saman med Holmedal på nordsida av Dalsfjorden, var Dale den mest mangslugne industribygda i fylket kring 1900.
Lars Larsen
f. 1839 i Husnes, Kvinherad, starta landhandel på Straumsnes i 1860. Han dreiv også bakeri og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Larsen var ordførar i Fjaler i 11 år før han flytta til Bergen og vart lagersjef i Fylkesbaatane.
Overrettsakførar Kristian Faye frå Bergen og fabrikkeigar Peder Jebsen frå Dale i Hordaland sikra seg ei torvmyr på Fure på sørsida av Vilnesfjorden, og satsa på brenning av torvkol.
I den vesle grenda Bjordal i Guddalen utvikla det seg på 1800-talet ein spesiell heimeindustri: Produksjon av såkalla "Bjordalsstolar".
Ole Fauske frå Bygstad starta kring 1910 bakeri i Dale som leverte bakverk til fleire forretningar i Dalsfjord-regionen.
- landhandel i 1903, dampskipsekspedisjon, hermetikkfabrikkar for krabbe og blåskjel, sardiner, røykelaks, fiskekaker og sursildproduksjon, og til slutt Norsalmon lakseslakteri og pakkeanlegg.
Einar Nitter
starta i 1905 bakeri i Dale. Han selde etter nokre år til Thomas O. Thomassen, og sonen Erling Thomassen og kona Edith tok over verksemda 1953 og dreiv til 1999 under firmanamnet Dale Bakeri og Konditori. (Sjå også:
Ole Fauske - bakeri).
Ivar Bendikson Systad
frå Åfjorddalen starta kring 1910 landhandel og tønnefabrikk nede ved fjorden i Flekke. Då bygningane brann i 1922, flytta han heim til Åfjorddalen og vart gardbrukar. Butikktomta i Flekke er seinare kjøpt av Fjaler kommune til båthamn.
Sagens Bygdemølle
mellom Fure og Hellevik vart starta kring 1910 av Øystein Sagen. Mølla vart driven med vasskraft frå elva og vart lagt ned like etter 2. verdskrig.
Dale Tønnefabrikk vart starta i 1912 og heldt til i den store "Wilken-bua".
Dale Cementstøperi
- sjå
Dale Tønnefabrikk.
A/S Torvkulfabrikk
i Verpingsvågen i Hellevik vart bygt av bergensaren
Didrik W. Blaauw i 1920. Han var tidlegare kjend som fossespekulant, og hadde i 1908 starta den store gruva i Vik kommune - sjå:
Talkgruvene i Framfjorden). Då denne vart totalskadd av brann i 1924, gjekk Blaauw konkurs. Han flytta til Hellevik og budde der resten av livet. Torvkolfabrikken i Hellevik kom aldri i drift.
Lokale meieri
På 1920-og 1930-talet var det fleire lokale meieri i drift i Fjaler: Håland ysteri, Vassdal ysteri og Guddal ysteri.
I 1957 bygde
Bygstad Meieri ein såkalla "skummestasjon" i Dale. Denne utvikla seg i praksis til eit sjølvstendig meieri, som ei tid hadde stor smørproduksjon.
- skieventyret i havkanten starta i 1922.
Starta i 1925 av tidlegare skipsreiar og spekulant Erik Grant Lea.
Dale Bakeri og Konditori
- sjå Einar Nitter lenger oppe.
Starta i 1926 av Aksel Hovland og svogeren Magnus Rakneberg.
Jens Langeland
starta skreddarforretning i Dale i 1936. Då han flytta i 1939, overtok Anders Langeland verksemda, og dreiv den med tre tilsette.
Lone Treindustri
vart starta på Lone av Gottfred Weberg frå Stord kring 1947. Den vesle fabrikken hadde fire tilsette og produserte innreiingsartiklar og møblar til den vart lagt ned etter omlag ti års drift.
Tre brør Boge starta møbelproduksjon i Guddal i 1952.
Fjaler Bakeri og Konditori ANS
- sjå
Ole Fauske - bakeri.
Andreas Haaland
starta bilverkstad og bensinstasjon i Dale i 1963. Han hadde i nokre år også hatt reparasjonsverkstad for m.a. landbruksmaskiner. Firmaet bygde ny verkstad og bensinstasjon (Statoil) i 1980. Bensinstasjonen vart lagd ned som betjent stasjon i 2005 og vart sidan driven som stasjon med sjølvbetjening.
vart starta i 1968 av Wilhelm Ask, som sidan 1962 hadde drive landhandelen på kaia i Snekkevågen.
Øystein Boge
starta i 1975 mekanisk verkstad i Dale og starta seinare med bensinstasjon for Esso.
K. R. Elektro & Co
installasjonsforretning vart starta i Dale i 1978 av Kjærvin Rochling. Verksemda har tre tilsette.
- verna verksemd starta i Dale i 1990.