|
"Pigeinstituttet" heldt til på garden Steia frå 1875. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Nikka Vonen var dotter til den kjende korpssmeden
Bertel Vonen i Dale. Etter utdanning på jenteskular på Davik (sjå:
Skular i Bremanger) og i Oslo, starta ho i 1869 sin eigen pensjonatskule for jenter i Dale saman med enkefru Laura de Ferry Nitter (f. 1843).
|
Nikka Vonen. Fylkesarkivet |
Jenteskulen - eller "Pigeinstituttet" - vart svært omtykt, og "betrestilte" jenter frå heile landet kom til Nikka Vonen i Dale for å lære både ålmenfag og folkeskikk. Til og med frå USA og Australia kom det elevar.
Eigen skulebygning
Dei første par åra heldt skulen til på garden Yksnebjør, men flytta i 1871 over til Bertel Vonens gard Steia. Denne garden tok Nikka sjølv over i 1875, og utvida hovudhuset. Seinare sette ho opp ein eigen skulebygning i tunet. Broren Peder Pavels Vonen bygde ein staseleg inngangsportal til Steia-tunet, og eit lysthus i same stil, med tårn og spir i den praktfulle hagen.
|
Nikka Vonen utvida hovudhuset på Steia. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
I 1875 hadde jenteskulen 18 elevar. Dei yngste kunne vere ned til 11 år, dei eldste over 20.
61 personar på garden
På garden heldt Nikka Vonen eit stort hushald: I tillegg til seg sjølv, budde der m.a. "husstyrarinne" og fem tenarar. Tel ein med husmannsfolket som høyrde under storgarden på Steia, vert det til saman 61 personar.
Nikka Vonen dreiv skulen fram til helsa svikta i 1907.
Framgangsrike elevar
|
Nikka Vonen i relieff på bautasteinen som er reist på Steia. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
I dei 38 åra skulen var i drift, gjekk det til saman 800 jenter på skulen. Mellom dei som gjekk på skulen var Bergljot Bjørnson, som faren Bjørnstjerne sende til jenteskulen i Dale, og Karen Platou, Høgre-kvinne som var den første kvinnelege Stortingspresidenten i Noreg. Ein av elevane, Maggie Nannestad (1875-1953), starta sjølv ein pensjonatskule for jenter i Jevnaker på 1920-talet.