Stang vart også ekspeditør for Fylkesbaatane. Han bygde ei stor handelsbu, dreiv bakeri, og bygde også eit stort bustadhus som vart kalla "Nyborg". Då Stang døydde i 1899 tok tok Mathias Gjelsvik over og dreiv til han døydde i 1910. Deretter dreiv Theodor B. Larsen frå Skånevik som handelmann og skipsekspeditør til 1918.
|
Nyborg før 1919. Frå samlinga til Arnfinn Follevåg |
Ein av fleire Haugen-brør
Rasmus Haugen, opphaveleg frå Haugen i Eid, busett i Måløy, tok då over og starta også sildesalting i budene på kaia saman med sonen Ragnvald Haugen. Ragnvald vart ein av fleire Haugen-brør frå Måløy som flytta nedover til Askvoll og Stongfjorden og m.a. vart fisketilverkarar, dampskips-ekspeditørar og handelsmenn.
Nystarta fabrikk brann ned
I 1919 skilde Rasmus Haugen frå ei sjøbu til eit selskap som starta
Askvold Preserving Co A/S. Fabrikken og fem mindre hus rundt kaia brann ned i 1920.
Ragnvald Haugen bygde då ny bu på branntufta som vart nytta som ekspedisjonsbygg for rutebåtane.
Tyskarane okkuperte bua og "Gamlekaia" under krigen og gjorde mykje skade.
Overteke av P.A. Sølvberg
Ragnvald Haugen var ekspeditør for rutebåtane til midt på 1950-talet. Den offentlege kaien vart i 1956 flytta til Kråkeholmen, og i nyare tid vart ekspedisjonsbygget på Gamlekaia og bua der vart kjøpt av handelsfirmaet
P.A. Sølvberg i 1962.
Den offentlege kaien vart i 1956 flytta til Kråkeholmen, og i nyare tid vart ekspedisjonsbygget på Gamlekaia kjøpt av Gunnar Sølvberg i
P.A. Sølvberg.
|
Butikken til Birger Haugen til høgre |
Hospits og bakeri
Broren Birger Haugen gifte seg med enkja etter Theodor B. Larsen, Anna, og dreiv landhandel i Askvoll i eige forretningsbygg. I åra 1925-1931 leigde Birger Haugen ut lokala til Anton Høyvik (sjå
Askvoll Hospits) medan han sjølv dreiv bakeri i Olsenbua litt lengre aust fram til 1938. Borna til Anna Larsen og Birger Haugen tok i 1931 oppatt handelen i butikken ved ”Gamlekaia”, og Birger Haugen rigga seg til med bakeriet sitt i eit bakrom på familiebutikken. Dette dreiv han til 1949, då han overlet det til dottera Reidun og svigersonen Audun Wåge frå Måløy. Han kom til Askvoll og starta realskulen der i 1941 (sjå
Realskule og gymnasplanar i Askvoll).
|
Birger Haugen på sine eldre dagar med to barnebarn |
Ekteparet Wåge gav seg med forretningsdrifta ved Gamlekaia kring 1959, og butikken vart ei tid leigd ut til Askvoll Fisk & Fiskematforretning (sjå under
Industri og næring i Askvoll). Då dette firmaet vart avvikla i 1974, tok Jorunn og Karl Lystad over og dreiv fram til dei stengde i 1980.
|
Audun Wåge med kona Reidun og borna Rigmor og Arild |