Førre side:
Kjende personar i Vik fødde år 1875-1900
Per P. Hovland
(1900-1982) Vangsnes. Ordførar i Balestrand i 12 år. Mellom ei rad tillitsverv var han styremedlem
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Sognekraft og Sogn Billag. Son til
Per Hovland.
Bertin Bjørkevik
(1900–1944) frå Vik. Garvar. Arbeidde ved T.H. Kleivedals lærvarefabrikk A /S i Laksevåg og omkom under eit bombeåtak på den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944.
(1901-1942) fødd i Bergen, gravlagd i Vik. Kjemikar og NS-statsråd under 2. verdskrig.
Erling Vangsnes
(1902-1965) frå Vangsnes, busett i Bergen. Skipsoffiser og motstandsmann. Som styrmann i Fylkesbaatane under 2. verdskrig var Vangsnes kurer mellom motstandsgrupper på Vestlandet. Arrestert og hardt torturert under Gestapo sin aksjon mot Milorg i Sogn i februar 1945 - sjå:
Opprullinga av Milorg.
(1902-1979) frå Vik, busett i Bergen. Jurist, direktør for rutebåtselskap og Venstre-politikar.
Syvert Dahle
(1906–1943) frå Vik. Båtsmann og krigsseglar. Drog på kvalfangst 19 år gamal og overvintra fleire sesongar på Sør-Georgia. Under 2. verdskrig omkom han då M/S ”Harboe-Jensen” vart torpedert på veg frå Bengasi til Tobruk den 15. januar 1943.
(1909-1983) frå Framfjorden, busett i Leikanger, seinare i Vik. Fylkesarbeidssjef og Kristeleg Folkeparti-politikar.
Ingvald Vangsnes
(1910–1940) frå Vangsnes. Styrmann og minør. Hadde styrmannsskule og kvartermeisterkurs. Omkom då panserskipet ”Eidsvold” vart torpedert og søkkt i Ofotfjorden under kampane ved Narvik den 9. april 1940.
Oskar Ingolf Dale
(1911–1945) frå Vik. Soldat. Rømde til England i 1941 og gjorde teneste i 2. Bergkompani som vart sendt til Finnmark 14. oktober 1944. Der var han sjef for ein oppklaringspatrulje, og fall under kamp med tyske soldatar på vestsida av Porsangerfjorden den 31. januar 1945.
f. 1911 frå Vik, busett i Kaupanger. Fylkeskonservator og museumsstyrar ved De Heibergske Samlinger.
(1914-1943) frå Vik. Handelsagent. Motstandsmann og telegrafist under 2. verdskrig.
(1915-1997) frå Arnafjorden, busett i Årdal. Lensmann og Arbeidarparti-politikar.
(1918-2008) frå Vik, busett i Høyanger. Lensmann og motstandsmann under 2. verdskrig.
Odd Hove
(1918–1945) frå Feios. Matros og krigsseglar. Reiste til sjøs i 1940 og gjekk styrmannsskule i London 1943. Vart sjuk og døydde i Skottland 2. august 1945. Tildelt Krigsmedaljen.
Helge Olsen Skjerven
(1919–1945) frå Vik. Sjømann og fabrikkarbeidar. Omkom då M/S ”Steiner” vart sprengd av ei mine ved Rutletangane i Gulen på veg frå Sogn til Bergen den 13. mai 1945.
Olav Otterhjell
f. 1919 frå Fresvik. Bonde og museumssamlar. På garden samla han over 3000 ulike reiskapar og bruksting og utarbeidde katalog med omtale av korleis dei einskilde verktya vart brukte på garden i gamle dagar.
Hans Hønsi
f. 1919 i Vik. Postmann og lyrikar. Gav i 2005 ut diktsamlinga ”Dikt” (Media Bergen).
(1920-1999) frå Vika, Busett i Oslo. Kjend spelemann som m.a. gjekk i lære hos Sigbjørn Bernhoft Osa.
f. 1920 i Vik. Biletkunstnar. Utdanna som fiolinist ved Musikkonservatoriet i Oslo i 1937.
Arnfred Joranger
(1921–1941) frå Vik. Matros og krigsseglar. Omkom då D/S ”Borgund” vart sporlaust borte på veg frå Reykjavik den 25. mars 1941 med kurs for Skottland.
f. 1922 i Fresvik, busett på Styvi i Nærøyfjorden. Industrigründer og politikar.
f. 1923 frå Vik. Samyrkelagsstyrar og Arbeidarparti-politikar. Arrestert for motstandsarbeid under 2. verdskrig i 1943.
(1925-1994) frå Vik. Bonde, sjåfør og Senterparti-politikar.
Olav Erling Holstad
(1926–1947) frå Vik. Matros. Omkom då D/S ”Skoghaug” vart sprengd av ei mine frå krigens dagar ved kysten av Nederland den 24. desember 1947.
(1926–2000) frå Fresvik, busett i Bergen og i Dyrdal. Doktor med. og professor.
f. 1930 frå Vangsnes. Bonde og Senterparti-politikar.
f. 1934 i Vik, busett i Tønsberg. Professor i hagebruk og historikar.
f. 1938 i Arnafjorden. Bonde og båtmotor-entusiast.
f. 1940 i Framfjorden, busett i Oslo. Professor i geofysikk, og internasjonalt kjend som jordskjelvekspert.
f. 1943 frå Vik. Lensmann og Arbeidarparti-politikar.
f. 1944 i Vik, oppvaksen i Jølster, busett i Balestrand. Historikar med doktorgrad i migrasjonshistorie, og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
f. 1945 frå Vangsnes. Biletkunstnar som arbeider med grafikk, materialbilete, "land art" og installasjonar.
f. 1947 i Lindås, busett i Vik. Cand. philol. og historikar.
Njål Gunnar Støyva
f. 1948 i Vik, busett i Nessane. Høgskulelektor i musikk og komponist. Sjå "
Kjende personar i Balestrand fødde 1900-1950".