SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Vik:

Vik og 2. verdskrig

Ved krigsutbrotet i 1940 vart det svenske skipet "Balboa" bomba i Framfjorden av tyske fly. Flya sleppte ved første åtaket to bomber som fall i utmarka på Flæte. I siste runden fall to bomber i sjøen, og skipet vart ikkje råka. Ein norsk marinebåt som låg i Framfjorden, skaut mot flyet utan å skade det.

Publisert 05.08.2002 12:05. Oppdatert 12.01.2007 14:25.
Ved krigsutbrotet kom ein mineutleggjar til Vangsnes. Med hjelp frå bygdefolket vart det rigga til eit kanonbatteri like ved Fridtjof-statua. Folk var redde, og flytta unna kaia der båten låg. Kanona vart demontert etter nokre dagar.

På grunn av tyskarane si framrykking over Voss, fekk folk på sørsida av Sognefjorden ordre om å flytte båtar nord om fjorden, eller søkkje dei for at fienden ikkje skulle kunne nytte dei. Såleis vart motorbåten "Jarl" i Fresvik søkkt, og robåtar rodde til nordsida.
På Ligtvor, som har vid utsikt overt Sognefjorden, vart det i 1939 bygd ein norsk luftvarslingspost med eit mannskap på fem mann. Vaktposten var under norsk kommando til 1. mai 1940. Då overtok tyskarane for resten av krigstida. Vaktmannskapet på Ligtvor talde 8-10 mann. Her var det vakttårn, tre hytter og skyttargraver mellom husa.

Mobilisert for tredje gong i 1940

Johan O. Hove (1882–1953) frå Vik har ein sjeldsynt ”rekord” å vise til: Han var utdanna på underoffiserskulen og vart for første gong mobilisert i dei spanande dagane kring unionsoppløysinga i 1905 og send til svenskegrensa. I 1914 vart han på nytt mobilisert til såkalla nøytralitetsvakt. Siste gong Johan O. Hove vart mobilisert, var den 9. april i 1940. I ein alder av 58 år vart han mobilisert som reservebefal. Han møtte på Voss, men kom ikkje i kamp.

Mange nazistar i Vik

Symbolet til Nasjonal Samling.
Ingen kommunar i Sogn og Fjordane hadde så mange nazistar som Vik under 2. verdskrig. I Vik var det 41 personar innmelde i Quislings parti Nasjonal Samling. Lokalkjende meiner at seks av desse var innflyttarar til bygda. Her som elles i fylket, kom svært mange medlemer frå nokre få familiar. I august 1942 heldt Nasjonal Samling krinsstemne i Vik med parade og tale av propagandaminister Gulbrand Lunde.

To nazi-ministrar frå Vik

To av Vidkun Quisling sine ministrar hadde begge nær tilknyting til Vik: Propagandaminister Gulbrand Lunde og justisminister Sverre Riisnæs. Riisnæs var son av ein advokat frå Nordhordaland som slo seg ned i Vik, der Sverre Riisnæs voks opp. Gulbrand Lunde hadde gjennom slektskap i ei offsiersfamilie nær tilknyting til "Tillisch-garden" på Vange, og då han og kona omkom ved ei bilulukke i Romsdal i 1942, vart paret gravlagde ved Hopperstad stavkyrkje.
I 1945 vart m.a. dei forhatte Gestapo-leiarane Helmut Klötzer, Georg Esswein og Ernst Hofmeier sette i forvaring i Vik hjelpefengsel. Dei hadde gjort seg skuldige i tortur og andre brotsverk medan dei leia Gestapo-avdelinga som var stasjonert i Høyanger - sjå Gestapo i Sogn og Fjordane.

Gulbrand Lunde talar på NS-stemne i Vik i 1942.

AT-leiren i Vik

Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom. Under krigen vart ungdomen tvangsinnkalla til å utføre ulikt "pionér"-arbeid - m.a. vegbygging, skogplanting og nydyrking. Dei som var innom, minnest framleis den militære linjeeksersisen med ein blankpussa spade i staden for gevær.
Det spreidde seg rykte om at AT-leirane skulle vere ein forpost før norsk ungdom vart sendt til Austfronten som soldatar. Difor var det svært mange som rømde landet til Shetland og Sverige for å sleppe unna den forhatte arbeidstenesta.
I Sogn Fjordane var det fem AT-leiarar: I Vik, Hermansverk, Eid, Bremanger og Aurland. Den på Leikanger var den største (sjå: Krigshistoria i Leikanger).
Den første AT-leiren i Vik kom i 1943, då unge kvinner frå Bergens-området brukte ungdomshuset Vikjahalli som kvarter og gjorde teneste på gardane i bygda.
Den andre leiren i Vik sommaren 1944 var for unge menn. Den var sett opp med to tropper, og Vik kommune stilte Hopstock Hotell, Vikjahalli og Frelsesarmeen sitt forsamlingshus vederlagsfritt som kvarter for AT-styrken, som m.a. bygde 750 meter gardsveg frå Tenold til Stadheim.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".

Våpenlager i Hovsåsen

Under heile krigen låg det eit større norsk våpenlager i Hovsåsen. Våpna var først samla i ungdomshuset Vikjahalli, og vart organisert av brørne Anders og Einar Holstad i 1939. Då Noreg vart overfalle i april 1940, vart våpna flytta til ein heller i Hovsåsen. Gestapo leita etter dette våpenlageret også under rassiaen i 1943 (sjå nedanfor), men fann det ikkje.

Arrestasjonar 1943

I januar 1943 slo Gestapo til i Vik og arresterte åtte menn, mellom desse distriktslege Peter Frimann Koren og sokneprest Hallvard Søvde. Det var ei tenestejente hjå distriktslegen som hadde fortalt nazistane at husbonden hadde våpen. Ved razzia fann Gestapo eit par gevær og ei uniform, og seinare nokre illegale aviser. Sokneprest Søvde, som hadde kjennskap til norske Shetlands-fararar, sat i tysk KZ-leir til freden. Dei andre fekk mildare straffer.
Sokneprest Halvard Søvde kjem heim til Vik etter krigen. Til høgre kona Kristina som døydde to månader seinare. Foto: O. P. Fosse

Krigshelten som vart avretta

Sjå også historia om krigshelten Christian Fredrik Fasting Aall, som vart avretta i 1943.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no