SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv

Nese  i Arnafjorden. foto: Ottar Starheim
Nese i Arnafjorden. foto: Ottar Starheim
Utanom Lodals-ulukkene - dei store rasulukkene i Lodalen i 1905 og 1936, er skredulukka på garden Nese i Arnafjorden den 2. desember 1811 ei av dei største naturkatastrofane i Noreg i nyare tid.

Publisert 01.08.2002 14:46. Oppdatert 18.03.2008 09:31.
Etter dagevis med striregn, tok det ved totida om natta til å rase i fjellet ovanfor tunet der det budde kring 60 menneske. Lengst oppe var det små mengder som losna, men det drog med seg stein, jord og snøsørpe nedover som med ofseleg kraft råka husa og førde alt 600-700 meter ned til sjøen. Berre eit par hus i det gamle klyngetunet stod att.

Borna flaut oppå skredet

Berre 11 av dei 45 som omkom vart attfunne og gravlagde. Mellom dei som vart berga var det mange barn. Dette kom truleg av at dei sov på kovelemmen høgt oppe i huset, og såleis flaut meir oppå når husa vart førde bort med skredet.

Fjøsvegg med ku over fjorden

Vrakdelar og innbu flaut over store delar av Sognefjorden. Ein fjøsvegg vart funnen att på andre sida av fjorden, med kua framleis hengande fast i spilltauet.

Mange flytta

På Nese vart husa flytta til tryggare stad etter ulukka. Mange av dei overlevande bygde ikkje nytt, men flytta bort frå bygda.

Same natta som storskreda øydela på Nese, gjekk det eit 400 meter breiyt skred ved garden Refsdal i Vik.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ
Siste saker:
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no