SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Laksefisket i Vik

Laksefisket med sitjenot var viktig inntektskjelde for mange gardar langs fjorden i eldre tider. I Vik kommune var det 35 sitjenøter (lakseverpe) - sjå lista: Lakseverpa i Vik.

Publisert 01.08.2002 11:29. Oppdatert 14.08.2002 11:48.
Laksefisket kunne gje svært gode inntekter: I 1958 les vi i "Sogningen" at det berre på ein dag vart teke 23 laksar i lakseverpet i Borlaug. Laksen hadde ei gjennomsnittsvekt på sju kilo.
I Fresvik starta Jens O. Hov (1868-1956) laksemottak med ishus i 1893. Han dreiv til 1936 og vart avløyst av Kristian Grundeland som laksekjøpar i bygda.
Frakteskipper Edvard Simlenes frå Fresvik gjekk i mange år midt på 1900-talet i "lakserute" frå Sogn til Bergen med båtane "Workman" og "Bjørg". Isen som skulle halde fisken fersk, vart skoren på Eidevatnet i Skjolden - sjå Sogn Iscompagni.

Stamlaksbasseng

I elva ved saga i Fresvik bygde Sogn Laksestyre stamlaksbasseng i 1963. Det var medlemer av Sogn laksefiskarlag som forsynte anlegget med stamlaks for yngelproduksjon til elevane i fjorden. Ved elva vart det grave dammar som fisken gjekk i. Første året vart det stroke 47 laksar. Det felles stamlaksanlegget vart styrt av Isak Hauglum og var i bruk til 1985. Sidan har det berre vorte satsa på utsetjing av yngel frå stadeigen stamlaks frå kvar elv.
- Om smoltoppdrett - sjå: Oppdrettsanlegg i Vik.

Vikja - første gyrodactylus-elv i Noreg

I 1980 vart det oppdaga at laksen i Vikja var smitta av parasitten gyrodactylus salaris. Dette var første gong at det var oppdaga gyrodactylus-åtak i ei norsk lakseeelv. Smitten var komen med setjefisk frå Statens forskingsstasjon for laks på Sunndalsøra, som igjen hadde fått smitten inn med stamfisk frå Sverige.
Både Vikja og den andre elva i Vik - Hopra - vart straks rotenonbehandla, og all fisk vart drepen.

Rotenonbehandlinga var vellukka, for sidan er det ikkje oppdaga "gyro" i dei to elvane. Men røynde sportfiskarar meiner at fisken etter neddrepinga av stammen har vorte meir småfallen.

Kortare lakseførande strekk

Den lakseførande delen av Vikja er etter kraftreguleringa kring to kilometer lang og går opp til utløpet ved kraftstasjonen på Hove. Før utbygginga av Vikfalli var kring seks kilometer lakseførande.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no