SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Kraftutbygginga i Vik

Kraftstasjonen i Refsdalen. Foto: V. H. Fjalestad
Kraftstasjonen i Refsdalen. Foto: V. H. Fjalestad
Etter opptak frå lensmann Anfin Anfinson Øen vart første kraftverket i Vik bygd ved Dalafossen i Refsdal i 1913 og forsynte 275 abonnentar i Vik med elektrisk straum.

Publisert 01.08.2002 11:18. Oppdatert 27.12.2006 13:20.
Kraftverket hadde reguleringsmagasin i Muravatn og Levravatn på fjellet, og Vik Elektrisitetsverk, eigd av Vik Kraftlag, var i drift til 1958. Men for å dekkje toppane i straumforbruket, kjøpte kommunen eit dieselaggregat som på folkemunne vart kalla "Galehesten". Dette var i bruk frå 1920 til 1941.

Framfjorden tidleg ute

Kraftverket i Framfjorden leverte straum til gardane i bygda. (Foto: Asle Veien, NRK)
I samband med gruvedrifta i Framfjorden (sjå: Talkgruvene i Framfjorden) som starta i 1908, vart det bygd eit lite kraftverk i 1911. Dette leverte også straum til gardane i bygda, og var i drift til 1958.
I bygdene austafor Vik ; Vangsnes, Feios og Fresvik, fekk ikkje folk skikkeleg kraftforsyning før dei vart kopla til Sognekraft sine anlegg i Vikfalli i 1958. I Feios hadde det rett nok vore eit par mindre kraftverk i drift sidan 1942/1952, men desse leverte berre til nokre få husstandar.
Sjå elles Draum om storindustri i Arnafjord .

Vindmøllekraft på Vangsnes og i Feios

Vansgsnes hadde skipa kraftlag i 1945. Det gjekk inn i Vik kraftlag i 1956. Eit par utolmodige gardbrukarar på Vangsnes, John V. Vangsnes og Torald Vangsnes, ville ikkje vente til kraftlina frå Vik vart bygd. Dei ordna seg i nokre år med kraft frå små vindmøller.
Det same hende i Feios, der Per Selseng og postmann Offerdal dreiv kvart sitt villmølleverk. Dei lokale kraftlaga i Feios og Fresvik (skipa 1944) slo seg saman i 1955. Dei lokale kraftlaga i kommunen gjekk inn i Sognekraft i 1974.

Vikfalli

Om den store utbygginga av Vikfalli - og om det som lenge var verdas lengste luftspenn.

Vassverk frå kraftverket

I samband med kraftutbygginga i Vikfalli, vart det bygd nytt vassverk i Vik i 1969. Vatnet vart kjøpt frå Hove kraftstasjon. Fresvik fekk vassverk i 1952. Då var Nils J. Vangsnes raskt ute og kjøpte nokre røyr som eigentleg var mynta på nytt vassverk på Systrond på nordsida. Men der drog det ut, og Fresvik fekk i staden nytte av dei ledige vassrøra.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no