Veg Vikøyri-Hønsi-Voll-Holstad
vart bygd i 1871.
Veg Vik-Limmesand
vart opna 1878.
Veg Fosse-Åse
vart bygd 1887.
Veg Dale-Lee
vart bygd i 1898.
Vegen Vik-Vangsnes
vart opna 1946. Frå 1940 var det køyrande veg mellom Vik og Vangsnes. Då var nyevegen ferdig til Djupvik, og derfrå gjekk ein dårleg bygdaveg til Vangsnes. Det var eit gamal vegkrav som då vart oppfylt.
Første gong Vik og Balestrand kommunestyre drøfta veg Vik-Vangsnes var i 1890.
Veg til Fresvikåsen
(fram til Krossveghola) var ferdig i 1953. Vegen til Fresvikåsen utløyste drift i nokre av dei største og finaste fureskogane i Sogn og Fjordane. Det er rekna at skogen på Fresvikåsen tel opp mot 20.000 dekar produktiv skog. Fresvik Skoglag leia arbeidet med vegen.
Arbeidet på Vikafjellsvegen starta i 1930-åra. Vegen er stengt i periodar om vinteren, men i 1999 vedtok Fylkestinget å krevja inn bompengar på ferja til Vangsnes for å finansiera heilårsveg over fjellet.
Veg Vangsnes-Feios
med Feios-tunnelen på 772 meter vart opna 1971.
Veg Vik-Framfjorden
vart opna 1973. Vegen frå Vik og fram til Ligtvor var ferdig i 1939. Kort tid etter at vegen til Framfjorden vart opna, kom det eit veldig ras frå fjellet mellom Hola og Bunganeset. Jordmassane i heile lia vart destabilisert av raset og seig ned. Folk ottast at mykje av fjordsida skulle rase ut i fjorden. Raset førde til at den nybygde vegen seig med kring 70 centimeter og vart stengd til fåren var over.
Veg Feios-Fresvik
vart opna 1976 etter fem års anleggstid. Den 1.498 meter lange Rabnabergtunnelen vart gjennombroten i 1975. Totalt kosta veganlegga mellom Vangsnes og Fresvik 32 millionar kroner (sjå video ovanfor).